Anders Halvorsen, Haukeland sjukehus
Lær teorien bak metodane.
Hovedinnhold
Anders Halvorsen har mastergrad i kjemi frå UiB, og jobba med HPLC (High performance Liquid chromatography) i masteroppgåva. Halvorsen ønska å fortelje kor viktig det er å kunne teorien bak ein metode eller eit instrument, då kunnskap og spesialisering kan gi fleire jobbmoglegheiter.
Etter fullført mastergrad fekk Halvorsen jobb i GE Healthcare i Oslo (tidlegare Nycomed Imaging) som forskar i avdelinga for forsking og utvikling. Etter nokon år i Oslo gjekk turen tilbake til Bergen og til Haukelandsjukehus, der han no jobbar som kjemikar på laboratorium for klinisk biokjemi. I tillegg føreles han i kromatografi ved Universitetet i Bergen og Høgskulen i Bergen, og er også teknisk bedømmar hos (Norsk Akkreditering). I dette arbeidet besøker laboratorium rundt om i Noreg, og han har vore på alt enkle laboratorium til statlege forskingslaboratorium.
Halvorsen fortalte om HPLC og bruksområder. Det er ein rask og automatisert analyse, og ein kan analysere eit breidt spekter av prøver (frå feittløyseleg til ionisk). Metoden er spesifikk og gir eit kvantitativt svar. Ein kan dele inn kunnskap om HPLC på tre nivå:
1) Operatør (rutineanalyse, enkelt vedlikehald)
2) Metodeutvikling og validering (utvikle, forbetre metodar)
3) Kromatografisk forskar/utviklar (forsking på kromatografi)
Halvorsen la vekt på at han har fått dei ulike jobbane grunna kunnskap om kromatografi, og ikkje på grunn av tittelen på masteroppgåva. Han åtvarte mot det såkalla «black box syndrome», der ein tilset ei prøve i eit instrument og får ut eit resultat. Det er viktig å vite teorien bak: då kan ein forstå årsaken til at ein får det aktuelle resultatet og ein kan gjere endringar i innstillingane.
Etter føredraget til Halvorsen presenterte førsteamanuensis Øyvind Halskau Norsk Biokjemisk Selskap (NBS). NBS ein interesseorganisasjon som har som føremål å fremje biokjemien i Noreg, og har lokallag i dei største byane i Noreg og på Ås.