Hjem
Institutt for biovitenskap (BIO)

Yrkespraksis i biologi

Gjer utdanninga og framtida di meir relevant og konkret gjennom eit praksisopphald ved ein potensiell framtidig arbeidsplass! Du vil bruke din biologiske kunnskap på relevante praktiske oppgåver og få arbeidserfaring som biolog.

BIO300 fieldwork 2012
Foto/ill.:
Christian Irgens

Hovedinnhold

I emnet BIO298 Yrkespraksis i biologi (10 studiepoeng) vil du bruke biologisk kunnskap på relevante praktiske oppgåver og få arbeidserfaring som biolog. Slik praksis kan vere eit fortrinn når du seinare er på jobbjakt.

Målet med praksisopphaldet er å få oppleve kor viktig den faglege kompetansen i biologi er for aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar. Gjennom observasjon, samarbeid, rettleiing og praktiske øvingar vil studentane få vite meir om si eiga framtidige yrkesrolle og - relevans. Studentane deltek i arbeidsoppgåvene i bedriftene dei er utplasserte i, og får oppgåver som er relevante i forhold til deira faglege kompetanse og bedriftenes behov.

Du kan lese om erfaringane til tidlegare studentar på praksisbloggen Biologipraksis

Ønskjer du å søke praksisplass?

Fristen for å søke plass er 8. januar 2025, kl. 23:59.

1. Finn ut kor du kunne tenke deg å ha praksis ved å lese beskrivinga av alle prosjekta hos praksisvertene. Du kan også laste ned pdf med alle prosjekta heilt nedst på sida ("BIO298_praksisplassar_var2025"). Tips! Du kan lese om erfaringane til tidlegare studentar på praksisbloggen Biologipraksis

2. Fyll ut søknadsskjemaet for praksis innan fristen: søknadsskjema for BIO208 Yrkespraksis i biologi - vår 2025

3. Dersom du får plass, blir du kontakta av emneansvarleg og du blir manuelt meldt til emnet i Studentweb.

4. Delta på oppstartsmøtet ved semesterstart. Sjekk timeplanen på emnesida eller Mitt UiB for dato og stad.

Praksisplassar våren 2025

Les om alle praksisplassane her. Du kan også laste ned pdf med alle prosjekta heilt nedst på sida ("BIO298_praksisplassar_var2025").