University of Amsterdam and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- CountryNetherlands
- TownAmsterdam
- Number of exchange places3
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universiteit van Amsterdam blei etablert i 1632, og er eit av dei største universiteta i Nederland, med rundt 30 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod som dekker alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Fire av campusane ligg i sentrum, medan fakulteta for naturvitskap, medisin og odontologi er plasserte litt utanfor bykjernen.
Amsterdam har omlag 800 000 innbyggarar og er hovudstaden i Nederland. Byen ligg ved breiddene av elvene Amstel og Schinkel, og er kjend for det karakteristiske kanalsystemet som går på kryss og tvers inne i bykjernen. Den enklaste måten å ta seg rundt på i byen er ved hjelp av sykkel, eller til fots.
Accommodation
Universitetet samarbeider med fleire bustadforeiningar i området som kan tilby utvekslingsstudentar bustad for eitt til to semester. Det følgjer informasjon om ordninga saman med opptaksbrevet. Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Amsterdam rundt semesterstart.
MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Semester duration
September - januar og februar - juni.
Information
- Homepagehttp://www.uva.nl/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7878
- Subject nameLaw