Hjem
Studentsider
erasmus+

Universiteit van Amsterdam og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • LandNederland
  • ByAmsterdam
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Om antall plassar:
Det er ein plass til studentar på 3. studieår og to plassar til studentar på siste studieår. Plassar som eventuelt ikkje blir brukte av studentar på femte studieår kan istaden brukast på 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er nederlandsk, men dei tilbyr òg ei rekke emne der engelsk er undervisningsspråk. Det finst nok emne til å fylle eit semester berre med emne som har engelsk som undervisningsspråk.

Ein må dokumentere tilstrekkelege engelskkunnskapar. Det kan gjerast ved hjelp av vitnemål frå vidaregåande skule som viser karakteren 4 eller betre i engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i nederlandsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Utvekslar du på 3. studieår tar du juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.

Sudieåret 2024/2025: Utvekslar du på 5. studieår kan du ta juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).

Frå 2025/2026: Utvekslar du på 5. studieår kan du ved dette universitet ta juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordjupingsemne (20 sp).

Utveksling på 3. studieår:

Studentar som utvekslar som del av tredje studieår kan velje blant emne både "bachelor courses" og "master courses" innan juss.

Lenke til kurskatalogen deira finn du på nettsidene til Amsterdam Law School.

Universiteit van Amsterdam nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.

Utveksling på siste studieår:

Studentar som utvekslar som del av siste studieår skal velje "master courses" innan juss.

Oversikt over emna på masternivå som er opne for utvekslingsstudentar finn du på nettsidene til Amsterdam Law School.

Universiteit van Amsterdam nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB eller på utveksling.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studying at the University of Amsterdam

1/2

ONCAMPUS Amsterdam (University of Amsterdam) Virtual Tour

2/2

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universiteit van Amsterdam

Informasjon