Karolinska Institutet and Faculty of Medicine (ERASMUS+)
- CountrySweden
- TownStockholm
- Number of exchange places2
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Karolinska Institutet er eit statleg medisinsk universitet som blei grunnlagt i 1810 på initiativ frå kong Karl XIII, blant anna for å utdanne fleire feltskjerarar til den svenske hæren. Universitetet er organisert i 22 relativt sjølvstendige institusjonar som samla står for heile 30 prosent av alle medisinske utdanningar og 40 prosent av den medisinske forskinga i Sverige. Mange av desse institusjonane er samlokalisert med helseføretak. Den største campusen ligg nær Karolinska universitetssjukhuset i Solna, nord i Stockholm.
Stockholm er Sveriges hovudstad og Nordens mest folkerike by, med i underkant av ein million innbyggarar. Byen er kjend for å vere blant verdas beste studentbyar, med høg levestandard og nærleik både til storbyliv og vakker natur. Byen har kystlinje mot Austersjøen, og har 14 øyar innan bygrensene. Stockholms skjergard er langt større og rommar meir enn 30 000 øyar.
Accommodation
Karolinska Institutet sitt bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad så langt kapasiteten rekk. Tildeling skjer vanlegvis i forkant av opphaldet. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden om ein er tidleg ute.
Semester duration
August - januar og januar - juni.
Information
- Homepagehttp://ki.se/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7856
- Subject nameMedicine