Hjem
Studentsider
erasmus+

Karolinska Institutet og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSverige
  • ByStockholm
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Tal på studieplassar i avtalen gjeld for eit heilt år. Vær obs på at tal på plassar kan variere frå år til år avhengig av kapasiteten ved vertsinstitusjonen.

Utveksling Haust 2024: Karolinska Institutet melder om at det er litt betre sjanse for utveksling tilsvarende MED7 og MED9 enn i forrige studieår. Så me opnar for å søkje, med dei kan ikkje lova plass.

Når i studiet kan eg reise

Medisinstudentar kan reise på utveksling til Karolinska Institutet i sitt 2. studieår, og i 7. eller 9. semester. Det er mogeleg å reise ut enten om hausten eller våren.

Språk

Undervisningsspråket ved lærestaden er svensk.

Normalt vil det vere uproblematisk å nytte norsk som skriftleg arbeidsspråk når ein er på utveksling i Skandinavia. Ver likevel merksam på, at det ved somme lærestader kan vere naudsynt å søke om særskilt løyve for å levere eksamen på norsk.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Følgande emnekombinasjonar ved Karolinska Institutet samsvarar med emnekombinasjonar ved UiB:

  • Basvetenskap 3, 4 og 5

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i Basvetenskap 3, 4 og 5 kan godkjennast som tilsvarande heile andre studieår, utenom mikrobiologi, som kan dekkjast fyrste vårsemester etter heimkomst.

Ps. Basvetenskap-emna dekkjar òg patologi og farmakologi, som ved UiB ligg under MED5 og MED6. Ein kan ikkje få fritak frå desse områda på eksamen, men kan sleppe ein del undervisning i dei.

  • Kurs i klinisk medicin - neuro, sinnen og psyke:

Gjennomført undervising og bestått eksamen i Kurs i klinisk medicin - neuro, sinnen og psyke er vurdert som tilsvarande 7. semester (MED7) ved UiB.

Psykiatri ved Karolinska Institutet kan godkjennast ved UiB dersom studentane består ein munnleg godkjenningssamtale om Lov om psykisk helsevern etter utanlandsopphaldet. Samtalen må gjennomførast i løpet av dei 7 første vekene etter heimkomst. I tillegg må du ta ei veke praksis i barne- og ungdomspsykiatri (BUP) etter heimkomst.

  • Kurs i klinisk medicin- inriktning reproduktion och utveckling

Gjennomført undervisning og bestått eksamen i emnet Kurs i klinisk medicin- inriktning reproduktion och utveckling, kan godkjennast som tilsvarande MED9 ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Karolinska Institutet/Ulf Sirborn

Informasjon