Home
Student Pages
erasmus+

Hamburg Academy of Music and Theatre and The Grieg Academy ¿ Department of Music (ERASMUS+)

  • CountryGermany
  • TownHamburg
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Dette er ein av dei største musikkhøgskulane i Tyskland. Lærestaden blei grunnlagt i 1950 som Staatliche Hochschule für Musik, basert på den tidlegare private skodespelarskulen til Annemarie Marks-Rocke og Eduard Marks. HfMT ligger i sentrum av ein av de vakraste og mest kulturelle byane i Tyskland, og tilbyr eit breitt spekter av utdanningar på høgt kunstnarisk nivå. HfMT gir studentane moglegheita til å opptre for eit variert publikum, og byr på meir enn 400 arrangement årleg. Studietilbodet inkluderer ulike retningar, inkludert kyrkjemusikk, jazz, popmusikk, komposisjon, direksjon, instrumentalmusikk og vokal. Teaterhøgskulen tilbyr studier i drama og opera. Eit tredje akademi tilbyr vitskaplege og pedagogiske studiar (musikkvitskap, musikkutdanning og -terapi).

Hamburg er både by og ein delstat (bundesland) i Tyskland. Med sine om lag 1,8 millionar innbyggarar, er Hamburg Tysklands nest største by og landets viktigaste havneby. Hamburg høyrer også til Tysklands viktigaste industribyar. Byen er eit viktig knutepunkt for veg-og jernbanetrafikken mellom kontinentet og Skandinavia. Den har mange fagskular, mellom anna høgskular for musikk, bildande kunst, økonomi , politikk og administrasjon. Framtredende museum i byen er Kunsthalle, kunst- og kunstindustrimuseet, etnografisk museum og historisk museum.

Accommodation

Internasjonalt kontor ved lærestaden kan gje informasjon om bustad.

Semester duration

oktober - mars

april - juli

Information