Home
Student Pages
erasmus+

The University of Dublin, Trinity College and Department of Earth Science (ERASMUS+)

  • CountryIreland
  • TownDublin
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Trinity College Dublin, University of Dublin, vart grunnlagt i 1592 og er Irlands høgst rangerte universitet. Det har om lag 17 000 studentar fordelt på hovuddisiplinane kunst og humaniora, business, jus, ingeniørfag, vitskap og helsevitskap. Dei seier om seg sjølv at dei fremmer eit mangfaldig, tverrfagleg og inkluderande miljø som inviterer til banebrytande forsking, innovasjon og kreativitet. Kjente alumner frå universitetet er mellom anna Oscar Wilde, Samuel Beckett, William Rowan Hamilton, Ernest Walton og Edmund Burke. Trinity ligg på eit vakkert campus i hjartet av Dublins sentrum.

Dublin er hovudstaden og er med sine nær 1,5 millionar innbyggarar også den største byen i Irland. Den ligg ved elva Liffey i provinsen Leinster, omkransa av Dublinfjella.

Accommodation

MERK: I Irland har det vore store utfordringar knytt til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadsmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.

Semester duration

August til desember og januar til mai

Information