Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Bern er eit middels stort sveitsisk breiddeuniversitet med rundt 16 000 studentar fordelt på åtte fakultet. Universitetet sin campus ligg sentralt i byen i det livlege studentkvartalet Langgasse. Universitetet er kjent for eit godt studentmiljø og har blant anna sportslag innan 90 ulike disiplinar, universitetsteater og sitt eige storband, i tillegg til ulike kurs og konkurransar gjennom året.
Bern er ein vakker kulturby som ligg nordvest i Sveits, i det administrative distriktet Bern-Mittelland. Trass i hovudstadstatusen er byen kun den fjerde største i landet, med knapt 140 000 innbyggarar. Gamlebyen ligg på ei landtunge omslutta av elva Aare på tre sider, medan dei nyare bydelane breier seg over eit bakkekledt landskap i 12 kilometers radius frå den motsette elvebreidda.
Accommodation
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby internasjonale studentar bustad og hjelper òg med informasjon om andre moglegheiter. Det er gode sjansar for å finne bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.
Semester duration
September - desember og februar - mai.