Home
Student Pages
erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Bordeaux and Faculty of Social Sciences (ERASMUS+)

  • CountryFrance
  • TownPessac-Cedex
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Institut d'Etudes Politiques de Bordeaux Sciences blir i daglegtale helst kalla Sciences Po Bordeaux, og er eitt av ni politiske institutt av sitt slag i Frankrike. Det har strenge opptaksprosedyrar og knapt 1 300 studentar. Instituttet tilbyr studium innan politikk, juss, økonomi, historie, geografi, framandspråk og samtidsutfordringar. Universitetet sin hovudcampus ligg i Pessaci utkanten av Bordeaux, som del av det nest største campusområdet i Frankrike.

Bordeaux er ein hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, og den største byen i regionen Aquitaine på Frankrikes vestkyst. Storbyområdet har nærare ein million innbyggarar. Vinindustrien i regionen har ei omsetting på 14,5 milliardar euro kvart år, og står for størsteparten av sysselsettinga i Bordeaux ved sida av aktivtetar og forsking knytt til lufttrafikk, romfart og teknologi.

Accommodation

Instituttet har studentbustader nær campus, og administrerer eit avgrensa tal bustader til internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - desember og januar - mai.

Information