Hjem
Studentsider
erasmus+

Institut d'Etudes Politiques de Bordeaux og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByPessac-Cedex
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved Det samfunnsvitskapelege fakultet kan søke på avtalen. Andre søkarar blir vurderte om det er ledige plassar, men ein bør ha noko samfunnsvitskap i fagkrinsen.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogleg å søke for eitt semester eller eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Du kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Normalt passar det best å reise på utveksling mellom tredje og sjette semester av studiet.

Språk

Undervisningsspråka er fransk og engelsk. Sciences Po Bordeaux krev B1-nivå i fransk (CEFR) dersom ein ønskar å følgje emne på fransk. Det vert krevd eit offisielt sertifikat for å stadfesta språkkunnskapar i fransk.

Institusjonen tilbyr fransk språkkurs til utvekslingsstudentar.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Bordeaux tilbyr eit breitt spekter av samfunnsfag på engelsk og fransk. Spesielt emne innan statsvitskap, økonomi og jus med hovudvekt på International Relations teoriar, men ein finn også emne som omhandlar det franske samfunnet, historie, kultur og språk. Fullt emnetilbod finn ein på denne nettsida.

Sciences Po Bordeaux gir 2 studiepoeng for "Integration Week" (velkomstveka), men dette godkjennast ikkje som studiepoeng i gradar ved SV-fakultetet.

Ein fulltidsstudent skal ta 30 ECTS per semester. Emna utgjer normalt frå 2 til 8 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Informasjon