Home
Student Pages
erasmus+

Institute of Political Studies in Lyon and Department of Comparative Politics (ERASMUS+ - Sciences Po Lyon)

  • CountryFrance
  • TownLyon
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Institut d¿Etudes Politiques de Lyon (Sciences Po Lyon) er ein av ti prestisjeskular i sitt slag i Frankrike. Instituttet har 1500 studentar, og undervisningstilbod primært innan samfunnsvitskaplege, økonomiske, politiske og juridiske fag. Instituttet er tilknytt Université Lumiere Lyon 2, og medlem i det regionale samarbeidet Université de Lyon. Instituttet held hus i Berthelotsenteret, ein gamal medisinsk militærhøgskule i Lyon sentrum.

Lyon ligg søraust i Frankrike, i regionen Rhône-Alpes, og er den nest største byen i landet etter Paris, med om lag 1,2 millionar innbyggarar i storbyområdet. Lyon blir rekna for å vere Frankrike sin gastronomiske hovudstad. Frå Lyon tek det om lag to timar med tog å reise til Paris.

Accommodation

Det finst studentbustader både på campusane og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden CROUS sitt regionale kontor. Internasjonale studentar har prioritet som søkarar. Det er òg mogleg å bu hos ein vertfamilie, eller finne bustad på den private marknaden i Lyon. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - desember og januar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Institut d'Etudes Politiques de Lyon

Information