Hjem
Studentsider
erasmus+

Institut d'études politiques de Lyon og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+ - Sciences Po Lyon)

  • LandFrankrike
  • ByLyon
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på plassane før studentar i administrasjon og organisasjonsvitskap/politikk og forvaltning. Søkarar frå andre fagområde blir vurderte om det er ledige plassar.

Søkaren må ha tatt minimum 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt reiser ein ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Nokre emne blir underviste på engelsk. Institusjonen anbefaler at du har språkkunnskapar tilsvarande B2-nivå i eitt av undervisningsspråka.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Sciences Po Lyon tilbyr emne innan statsvitskap, jus, økonomi og historie. Ein kan ta årsstudium (Certificat d'Études Politiques) eller semesterstudium (Attestation d'Études Politiques) i politiske studiar. Det er òg mogeleg å ta eit sertifikat i fransk og europastudium (Certificate of French and European Studies). På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Emna utgjer normalt 3 til 4 ECTS. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt frå før, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Flott bygning
Foto/ill.:
© Institut d'Etudes Politiques de Lyon

Informasjon