University of Mannheim and Department of Sociology (ERASMUS+)
- CountryGermany
- TownMannheim
- Number of exchange places4
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1-2 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universität Mannheim er eit offentleg breiddeuniversitet med 12 500 studentar. Det blei grunnlagt som handelshøgskule i 1907, men blei utvida til universitet i 1967. Universitetet er eit av dei tyske eliteuniversiteta, og har eit svært godt omdøme innanfor blant anna handelsfag, økonomi og samfunnsvitskap. Universitetet sin viktigaste campus er Heim Palace, som er det nest største barokkslottet i Europa, berre slått av Versailles.
Mannheim ligg sørvest i Tyskland, der elvane Neckar og Rhinen renn saman. Han er den nest største byen i Baden-Württemberg, med rundt 320 000 innbyggarar. Frå gamalt av er Mannheim betre kjend som industriby enn universitetsby. Kostnadsnivået er relativt lavt i Mannheim samanlikna med andre byer på same storleik.
Accommodation
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustader for internasjonale studentar. Det finst mange studentbustader i byen. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.
Semester duration
I motsetnad til mange andre tyske universitet er Universität Mannheim tilpassa den internasjonale standarden, og opererer med semester i tidsromma september - desember og februar - juni.
Information
- Homepagehttps://www.uni-mannheim.de/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7183
- Subject nameSociology