Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Mannheim og Sosiologisk institutt (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMannheim
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Sosiologistudentar har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen før søkarar frå andre samfunnsvitskapelege fagområde. Du må ha tatt minst 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Det er mogeleg å søke for eit semester eller for eit heilt år.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise på utveksling for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Det er ein fordel å ha tatt metodeemne før utreise. Sjå instituttet sine nettsider for meir informasjon og råd om utveksling.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Det er anbefalt at du har forkunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse i minst eitt av språka (CEFR).

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Universitetet tilbyr språkkurs til utvekslingsstudentar. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Department of Sociology er ein del av School of Social Sciences. Dei tilbyr ei rekke sosiologiemne kvart semester, både på engelsk og tysk, innanfor hovudkategoriane General and Specific Sociology, Comparative European Societies, Social Psychology og Methods of Empirical Social Research.

denne nettsida finn du ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet. Det er òg mogeleg å ta eitt eller to emne med engelskspråkleg undervisning frå andre fagområde.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne utgjer normalt 4-8 ECTS.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Studentrapportar

Grøn campus
Foto/ill.:
© Universität Mannheim

Informasjon