Home
Student Pages
bilateral

University of California, San Diego and Faculty of Psychology (BILATERAL)

  • CountryUSA
  • TownLa Jolla
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of California, San Diego, (UCSD) ligg i La Jolla i nordenden av San Diego, og blei etablert i 1960. Universitetet er rangert som eit av de ti beste offentlege universiteta i USA, og er ein del av University of California-systemet. UCSD er kjent som eit akademisk powerhouse med innovasjon i høgsetet, og er rangert som eit av de mest forskingsintensive utdanningsinstitusjonane innan høgare utdanning i USA.

San Diego er den åttande største byen i USA og har omlag 1,3 millioner innbyggarar. Byen ligg ved Stillehavskysten heilt på grensa til Mexico, og er kjent for sitt milde klima og nydelege strender.

Accommodation

Universitetet kan hjelpe til med å skaffe bustad både på og utanfor campus, og ein kan velje mellom ei rekke leilegheiter/rom/hyblar. Dei fleste norske studentane ønsker å finne eigen bustad utanfor campus. Det kan vere nyttig å sjekke craigslist for å danne seg ei oversikt og generelt inntrykk av leigeprisane for San Diego. Dei fleste norske studentane bur på Pacific Beach som ligg nært La Jolla.

Semester duration

Semestera ved UCSD er inndelt i fire kvartal (quarters). Studentar frå Det psykologiske fakultet må forhalde seg til dei tre kvartala som går i haust- (fall) og vårsemesteret (winter and spring).

Haustsemesteret vert difor delt inn i ein summer session og eit haustkvartal (fall quarter):

Summer Session I: slutten av juni til byrjinga av august
Summer Session II: byrjinga av august til byrjinga av september
Fall Quarter: midten av september til midten av desember

Vårsemesteret (Winter Quarter og Spring Quarter):

Winter Quarter: byrjinga av januar til slutten av mars
Spring Quarter: slutten av mars til midten av juni

By ved kysten
Photo:
© UCSD

Information