Hjem
Studentsider
bilateral

University of California, San Diego og Det psykologiske fakultet (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByLa Jolla
  • Studieplassar99
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Studentar må ha karaktersnitt C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og/eller i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

UCSD krev ikkje dokumentasjon frå vidaregåande skule, og heller ikkje språktestar som til dømes TOEFL/IELTS-testar.

Kva emne kan eg ta

Emne frå dei fleste fagområde på bachelornivå med atterhald om tilbod og krav til forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje fritt innanfor det fagområde du ynskje å studere med atterhald om krav til forkunnskapar. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB eller ta frie studiepoeng i ditt valgsemester (5. semester). Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: https://act.ucsd.edu/scheduleOfClasses/scheduleOfClassesStudent.htm

Studieavgift

Studieavgifta per quarter i 2025 er på $8,490 USD

Som UiB student får du 5% rabatt på studieavgifta.

Studentar som reiser på utveksling om høsten må ta Summer Session II som varer i fem veker, og Fall Quarter.

Application fee: $225

International Student Services Fee: $500 per quarter

UC San Diego Division of Extended Studies medical insurance: $780 per quarter

Books/Materials: Approximately $200-$800 per quarter

Studentrapportar

By ved kysten
Foto/ill.:
© UCSD

Informasjon