Home
Student Pages
erasmus+

Royal Danish Academy - Architecture, Design and Conservation and Department of Design (ERASMUS+)

  • CountryDenmark
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Det Kongelige Akademi - Arkitektur, Design, Konservering (tidligere: Det kongelege Danske kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering) er Nordens førande akademi innanfor arkitektur, design og konservering. KADK vart danna i 2011 som ein fusjon mellom Kunstakademiets Arkitektskole, Danmarks Designskole og Kunstakademiets Konservatorskole. KADK har i dag rundt 2000 studentar fordelt på sju institutt. Fleire kjende designarar er utdanna ved skulen, mellom anna Arne Jacobsen som er utdanna ved arkitektskulen og Hans Wegner som er utdanna ved designskulen. Arkitektskulen vart i 2013 kåra til Europas nest beste arkitektskule.

København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det om lag 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu i det som fleire gongar har blitt kåra til verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.

Accommodation

Lærestaden har ingen eigne studentbustader, så utvekslingsstudentar må belage seg på å finne dette sjølv. Det finst ei rekke bustadsformidlarar i København, men ein bør starte prosessen i god tid, då det kvart år er stor pågang frå nye studentar.

Semester duration

september - januar

februar - juni

Information