Home
Department of Informatics
Nyhet

Nytt prosjekt skal jobba for batteridriven skipsfart

Ladestasjonar til sjøs skal gi betre utnytting av fornybar energi i offshore-industri.

Elekrtisk skip
Photo:
Vard group

Main content

Institutt for informatikk er partner i prosjektet «Ocean Charger» som nyleg har fått støtte gjennom Grønn Plattform-programmet til Norges Forskningsråd. Optimeringsgruppa med professor Dag Haugland og førsteamanuensis Ahmad Hemmati speler ei sentral rolle i prosjektet og skal arbeida med å optimere fartøyslogistikk knytta til vindparkar til havs. «Prosjektet betyr ei styrking av vår aktivitet innan energiinformatikk og bidrar til tettare samarbeid med kunnskaps-intensivt næringsliv» seier instituttleiar Inge Jonassen ved Institutt for informatikk. 

Les også: “Hva er energiinformatikk?” 

Prosjektet Ocean Charger skal utvikla tekniske løysingar for energioverføring til batteridrivne skip offshore. “Vedlikehald av framtidas havvindparkar vil krevja stor aktivitet av ulike typar fartøy,” seier Professor Dag Haugland. “Målet med prosjektet er å halda alle slike operasjonar utsleppsfrie, at fartøya skal drivast av batteri, og at energien skal tilførast frå vindparken der skipa opererer. Fokus for prosjektet blir dermed å utvikla og testa ladesystem installerte i vindparken.”  

Rekkevidda til batteridrivne skip er avgrensa, og den praktiske nytten av slike tekniske løysingar er derfor avhengig av god logistikk. Dette inneber fornuftig plassering av ladepunkta, slik at alle fartøya har god tilgang. I driftsfasen krev det vidare at seglingsrutene til fartøya er mest mogleg effektive, og at driftsstans ikkje oppstår. Ei av arbeidspakkene i Ocean Charger er kalla smarte maritime operasjonar for havvind, blir leia av optimeringsgruppa ved Institutt for informatikk, og har som mål nettopp å utvikla metodar for best mogleg utnytting av fartøy og infrastruktur.

Prosjektgruppa til Ocean Charger, leia av Vard Group, er breitt samansett av partnarar frå industri og forskingsinstitusjonar, og har Institutt for informatikk på UiB som største deltakar frå universitets- og høgskulesektoren. Ein PhD-student og fleire masterstudentar vil bli knytt til prosjektet som er finansiert med 38 MNOK av NFR. Ocean Charger startar 1. januar 2023 og går over tre år.