Home
Faculty of Science and Technology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny bok

Lanserte Bjerknes-biografi

Vilhelm Bjerknes var ein gigant innan internasjonal fysikk og geofysikk og er rekna som faren til den moderne vêrvarslinga. I ei ny bok får me vita meir om mannen bak vitskapen.

The Weather's Face, bok
NY BJERKNES-INNSIKT: Ei ny bok om Vilhelm Bjerknes tar utgangspunkt i brev og tekstar den store vitskapsmannen sjølv skreiv. Slik får lesaren vita meir om kva som dreiv mannen.
Photo:
Jens Helleland Ådnanes

Main content

I boka The Weather's Face skildrar filosofen Ralph Jewell korleis Vilhelm Bjerknes vart vitskapsmann.

– Eg tilnærma meg boka som ei dramatisk forteljing om korleis ein ung mann fann vegen inn i vitskapen, seier Jewell.

Bjerknes skreiv seg inn verdshistoria som opphavsmannen til den moderne vervasrslinga. Han knytta samen fagfelta hydro- og termodynamikk og var den første som analyserte problemet vervarsling ut frå fysikken sine lovar. Med dette som utgangspunkt sette han opp eit program for korleis ein kan utrekna veret.

Basert på Bjerknes-brev

Jewell tek utgangspunkt i Bjerknes sine brev og eigne skrifter. Gjennom Bjerkens sine eigne tankar og erfaringar får lesaren eit unikt innblikk i korleis vitskapen arta seg på slutten av 1800-talet og byjinga på 1900-talet.

Boka vart lansert 30.08 på Geofysisk Institutt (GFI), som feirer 100 år i år. Bjerknes var den første leiaren av GFI i 1917 og vert rekna som grunnleggjaren av fagmiljøet.

Ei unik bok

Noverande institiuttleiar Nils Gunnar Kvamstø ser på boka som viktig for fagmiljøet, som får eit innblikk i persontrekkja til Bjerknes og korleis erfaringane hans pregar vitskapen.

– Dette er viktig for oss å lese. Boka gir oss eit vitskapsteoretisk perspektiv på Bjerknes, det er heilt nytt, seier Kvamstø.

Boka vert skildra som eit viktig vitskapshistorisk dokument som også fortel om kulturen i Noreg, Europa og USA på Bjerknes si tid. Ikkje minst tar boka for seg etableringa av "Bergensskulen i meteorologi", som gjorde norsk meteorologi til et mønster for andre land og er grunnlaget for all moderne vêrvarsling.