Vil samle dei marine miljøa i Bergen
Regjeringa set fart på utgreiinga av ei samlokalisering av dei marine miljøa i Bergen, og løyver ti millionar kroner til prosessen.
Main content
I forslaget til statsbudsjettet for 2018 foreslår regjeringa å løyve 10 millionar kroner til vidare utgreiing av samlokalisering av Havforskningsinstituttet (HI), NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning og Fiskeridirektoratet i eit nybygg i Bergen.
– Det er gledeleg at regjeringa har fullt trykk på denne prosessen, seier Jarl Giske, marin dekan ved Universitetet i Bergen (UiB).
I januar mottok Nærings- og fiskeridepartementet ei konseptvalutgreiing (KVU) om framtidig lokalisering av marine forskings- og utdannings-verksemder i Bergen. KVUen er no kvalitetssikra (KS1). Både KVU og KS1 tilrår at Havforskningsinstituttet, NIFES og Fiskeridirektoratet vert samlokaliserte i eit nybygg.
- Les meir om statsbudsjettet: Strammere budsjett krever tydeligere prioriteringer
Bør vere nært UiB
KVUen understrekar også at nærleik til UiB og dei marine forskings- og utdanningsmiljøa der det beste reint samfunnsøkonomisk. KVUen har også eit ufråvikeleg krav om at matnat-fakultetet ikkje skal splittast opp i to lokalitetar. KS1-rapporten sluttar seg til desse vurderingane.
– Bergen er eit kraftsentrum for marin forsking og utvikling. Ei mogleg samlokalisering i eit nybygg vil vere eit løft for forsking, forvalting og næringsliv og gjere oss betre rusta til å leggje til rette for den framtidige berekraftige veksten vi ser komme, seier fiskeriminister Per Sandberg i ei pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet
Jarl Giske er glad for at regjeringa reagerer så raskt i arbeidet rundt samlokaliseringa.
– Arbeidet med dette kunne ikkje skjedd fortare enn det det har gjort, seier han.
Betre saman
Både UiB og dei andre institusjonane vil kunne ta store steg framover gjennom ei samlokalisering, meiner Giske. HI, NIFES og Fiskeridirektoratet treng nye og moderne lokale, men treng også UiB sine spesielle kompetansar innan fleire felt som fysikk, bioinformatikk, matematikk og informatikk. Dette er kompetansar dei andre institusjonane treng, men som dei ikkje kan bygge opp sjølve, meiner han.
– Ikkje minst vil det vere svært positivt for dei å vere nære studentane våre, som er ein stor ressurs, seier Giske.
UiB vil også nyte godt av ei samlokalisering.
– Vi har eit stort ansvar for grunnforsking, utdanning og innovasjon. Eit betre og større miljø vil skape betre forsking og meir innovasjon, som igjen vil påverke norsk næringsutvikling og og samfunnsutvikling. Slik vi ser det, bør samlokaliseringa vere så tett som mogeleg, seier den marine dekanen.