Oppstart for nytt europeisk marint forskingssamarbeid
EMBRC skal sikre at europeiske forskarar får dei verktøya dei treng for å løyse dei store utfordringane knytt til havet. No vil EMBRC starta med offisiell drift, og UiB er den norske koordinatoren.
Main content
– Medlemskapet tyder at vi kan tilby europeiske forskarar tilgang til våre fasilitetar i Noreg, og at våre eigne forskarar får tilgang til dei europeiske fasilitetane. Dette opnar ei rekkje moglegheiter, seier professor Arild Folkvord ved Institutt for biovitskap.
Han er leiar for EMBRC Norway, den norske delen av The European Marine Biological Research Centre (EMBRC-ERIC).
Universitetet i Bergen (UiB) er den nasjonale koordinatoren, og Havforskningsinstituttet, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Universitetet i Oslo, Norsk Institutt for Vannforskning, UiT Norges arktiske universitet og Nofima er partnerar.
EMBRC har vore i ein såkalla «preparatory phase» sidan 2008, og har arbeidd med å bygge seg opp med tenester og sekretariat. I februar 2018 godkjende EU-kommisjonen at ein kunne starta operasjonane formelt i form av eit europeisk konsortium for forskingsinfrastruktur (ERIC). Det er planlagt drift i 25 år. Senteret vert drive frå Frankrike.
Den norske noden av EMBRC er særskilt retta mot studiar av organismar som tyder mykje for fiskeri og akvakultur.
– Norge og Bergen kan ikkje ha spisskompetanse på alle felt. Men UiB har til dømes ein unik kompetanse på lakselus. No kan vi ta imot forskarar frå dette feltet, og samstundes sende våre forskarar ut i Europa til forskingsmiljø med annan spisskompetanse, seier Folkvord.