Home
Faculty of Science and Technology

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Jobb

Fleire realistar får relevant jobb

Åtte av ti kandidatar frå MatNat-fakultetet får ein relevant jobb etter endt utdanning, viser tal frå ny rapport.

Masterstudentar 2018
KLARE FOR ARBEIDSLIVET: Fleire realistar enn tidlegare får relevante stillingar etter utdanninga er over. Her feirar fakultetet sine nye masterstudentar i 2018.
Photo:
Thor Brødreskift, UiB

Main content

– Vi jobbar stadig med å gjera utdanningane våre meir relevante for arbeidsmarknaden, til dømes sivilingeniør-programma våre. For oss er det viktig med ei nær kontakt med næringsliv og arbeidsgjevarar gjennom praksis. Det er forklaringa på at stadig fleire får ein relevant jobb, seier dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Helge K. Dahle (biletet under). 

Helge K. Dahle, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

Han er glad for at trenden frå dei siste åra, med nedgang i oljenæringa, er i ferd med å snu. Sidan den siste undersøkjing er det stadig fleire som får relevant jobb etter utdanninga. I 2019 seier 78 prosent av realistane at dei fekk relevant jobb etter studiene, mot 69 prosent i sist undersøkjing.  

Kandidatundersøkelsen 2018 er gjennomført av Saman, studentsamskipnaden på Vestlandet. Den undersøkjer ferdig utdanna studentar sin situasjon på arbeidsmarknaden, drøye to år etter at dei er ferdige med utdanninga.

Undersøkjinga viser også at færre realistar vert arbeidslause etter endt utdanning, tre prosent færre enn tidlegar. 

Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal, trur også at fakultetet sitt arbeid med å endra seg etter konjunturane i arbeidsmarknaden gjer studentane som skal ut i arbeidslivet tryggare. 

Les meir: Masterstudier gir relevant jobb  

– Samstundes som konjunkturane i marknaden speler sterkt inn, har fakultetet tilpassa sine tilbod. Det er også gjort nylige grep, som å etablera sivilingeniørstudier mot sjømatnæringen. Det håpar vi å sjå effektar av i seinare undersøkjingar, seier Samdal.

Oddrun Samdal
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB