Home
Research group for Administrative Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
PLAN OG BYGG | MØTE

Møte om plan og bygg

Det er fortida mykje spennande som skjer innanfor plan- og bygningsretten. Det blir møte i forskargruppa 22. april, kl.12.00 - 13. 30 der vi med utgangspunkt i tre nye dommar frå lagmannsretten.

Bygging av blokk.
Forskergruppa vil ha eit møte med utgangspunkt i tre nye dommar frå lagmannsretten.
Photo:
Colourbox

Main content

Det er fortida mykje spennande som skjer innanfor plan- og bygningsretten. Som annonsert tek vi eit møte i forskargruppa i morgon 22. april, der vi med utgangspunkt i tre nye dommar frå lagmannsretten – som alle har vore drøfta i eller er på veg til Høgsterett – drøftar kommunen sitt handlerom for skjønn i arealplanlegging og borgaren si forventning og krav om at vilkår i reguleringsplanar/utbyggingavtalar skal vere nødvendige, saklege og proporsjonale. Korleis skal slike reglar tolkast og forståast, og kva er domstolen si rolle her? Den første saka som har vore til behandling i Høgsterett (men dom har ikkje falt) er LB-2019-124354 (Mortensrud).

Spørsmålet her er om Oslo kommune kan krevje at utbyggjar opparbeider ein tursti i eit område som strekk seg utover planområdet. Den andre saka  LB-2019-135154220 (Tullinkvartalet), gjeld spørsmål om gjennomføring av utbyggingsavtale gjennom krav om kontaktbidrag. (Kontantbidraga skulle mellom anna sikre eit større gate- og trikkesportiltak, samt et sykkelvegnett til ca. 100 millionar kroner. )Den siste saka LG-2019-191203 (Sunnfjord)  gjeld spørsmål om tilbakebetalingskrav frå utbyggjar når planprosessen som ligg til grunn for utbyggingsavtalen stoppar opp. 

I møte vil Martin Lie Hauge, som tidlegare har skrive stor master ved fakultetet om utbyggingsavtalar, kort introduserer sakene, men ha eit særleg fokus på dei prinsipielle spørsmåla som denne type saker reiser, og sjå på alternativ for korleis slike saker kan løysast. Saman drøftar vi så dette. og kan spå om korleis Høgsterett nærmar seg problemstillingane. Etter at alle tre dommane frå Høgsterett har falt, planlegg vi eit nytt møte i forskargruppa, der vi særleg ser på om den gjennomgangen som Høgsterett har bidratt for rettsutviklinga i plan- og bygningsretten, eller i forvaltningsretten og vilkårslæra meir allment.  Eg satsar på eit nytt møte om dette i løpet av juni.