Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
nytt dekanat

Ny fagleg leiing på HF

Historieprofessor Camilla Brautaset blir ny dekan ved Det humanistiske fakultet frå hausten. Ho skal styre saman med Ole Thomassen Hjortland og Svein Ivar Angell.

Nytt dekanat ved HF
Professor Camilla Brautaset er vald til ny dekan ved Det humanistiske fakultet. Med seg på laget har ho prodekan for forskning Ole Thomassen Hjortland (til høgre) og visedekan Svein Ivar Angell.
Photo:
UiB

Main content

Første august overtek Camilla Brautaset roret som dekan ved Det humanistiske fakultet. Med seg på laget har ho førsteamanuensis i filosofi Ole Thomassen Hjortland som prodekan for forsking og formidling, og historieprofessor Svein Ivar Angell som visedekan for utdanning og internasjonalisering.

Då berre eitt kandidatpar stilte til dekanval ved fakultetet, vart valet formelt gjort i fakultetsstyret 11. mai.

Kontinuitet og nytt blod

– Vi representerer både kontinuitet og nytt blod – om vi skal bli betre som fakultetet, treng vi begge delar, seier den påtroppande dekanen, men understrek at dei tek over etter eit dekanat som har gitt dei noko å strekke seg etter, både i stil og i innhald.

Brautaset er professor i økonomisk historie og brukar både tall og tekst i eiga forsking, noko ho håpar vil vere til nytte også i rolla som dekan. Ho er særs nøgd med laget ho skal styre saman med, og snakkar varmt om dei to ho har fått med seg i leiinga.

– Ole har engasjert seg sterkt i undervising og formidling, og kombinerer gnistrande fagleg kompetanse med eit brennande engasjement for HF, universitetspolitikken og for forsking og forskarutdanninga. Eg er sikker på at han vil vere eit funn i rolla som prodekan. Svein Ivar har allereie to år på baken som visedekan for utdanning, og er kontinuiteten i laget. Han er usedvanleg kunnskapsrik, er grundig i alt han gjer, er løysingsorientert og ambisiøs på HF sine vegne.

Angell er glad for å bli spurt om å vere med vidare. Av dei to åra i visedakanstolen har halvparten vore i ein pandemi.

– Det skal bli kjekt å føre undervisningsaktiviteten tilbake til normalen. Studentane har måtta betale ein høg pris i denne perioden. Første pri blir no å hjelpe studentane med å ta tilbake studenttilværet, seier han.

Fellesskap og delingskultur

Eit sterkare HF-fellesskap er noko det påtroppande dekanatet ønsker å jobbe for i åra framover.

– Vi må bli gode saman, som fellesskap. Vi vil arbeide for eit tett samarbeid mellom administrativ og fagleg stab, og vi vil styrke samspelet mellom tilsette og studentar, seier Brautaset.

Prodekan Hjortland poengterer at det er samanheng mellom ein god delingskultur og forskingskvalitet. Han ser nytten av å dele alt frå forskingsferdigheiter, nettverk, kor ein bør publisere, og råd og rettleiing om søknadsaktivitet.

– Det vert særleg viktig når vi no kjem ut av denne pandemisituasjonen, at vi legg tilrette for ein delingskultur, ikkje berre i forskargrupper og infrastruktur, men også gjennom uformelle møtepunkt. Vi må dessutan gjere oss nytte av dei erfaringane vi har fått oss under pandemien når det kjem til digitalisering og studentaktiv læring, seier han.

Det nye dekanatet vil jobbe saman med institutta og sentra for å skape gode arenaer for fagleg samarbeid. Dei vil særleg arbeide for at yngre forskarar skal få tilbod om deltaking i relevante forskar- og prosjektgrupper, men også å sikre at nytilsette og internasjonale forskarar vert raskare integrert i fagmiljøa.

Vil oppfylle faglege draumar

– Vi vil ha eit sterkt og offensivt HF som set agendaen, både på forskingsfronten, på utdanningssida og i samfunnsdebatten. Det forutset at vi har kontroll på eigen økonomi. Økonomi er viktig, men er ikkje eit mål i seg sjølv. Vi vil jobbe med økonomi strategisk, for at vi skal kunne realisere faglege draumar og ambisjonar på fakultetet, seier Brautaset.

– Grunnforskinga er bærebjelken for alt vi gjer ved fakultetet. Den er uunnværlige for samfunnet, og det er den som gjer oss utadvendte. Stabile rammer er ein føresetnad for den allsidige og grundige forskinga vår.

Brautaset meiner at gode beslutningar skjer på lavast mogleg nivå i organisasjonen, at det er fagmiljøa sjølve som er best kvalifiserte til å peike ut faglege retningar.

Den nye faglege leiinga har tillitsbasert leiing som leiarskapsideal.

– Vi håpar å skape tillit gjennom transparente prosessar som er forankra i fagmiljøa, og gjennom ein leiarstil som kombinerer det å lytte med å leie, seier ho.

– Trivsel på arbeids- og studiestaden står høgt på prioriteringslista vår!