Her er UiBs første sivilingeniør i medisinsk teknologi
Ingrid Mossige er den første som har teke mastergrad i UiB sitt sivilingeniør-studie i medisinsk teknologi. To dagar etter masteren var ho i jobb.
Main content
Studiet i medisinsk teknologi handlar om ny og avansert teknologi for bruk innan diagnose og behandling i helsevesenet. Både i helsesektoren og i farmasøytisk industri er det aukande behov for teknologar med kompetanse innen skjeringspunktet mellom teknisk utstyr og behandlingsmetodar. Ingrid Mossige er den første frå realfag på UiB som er klar å løyse desse utfordringane.
– Studiet er så tverrfagleg at ein kjem ut med ein brei fagleg bakgrunn. Det gjer det enklare å kommunisere med menneske frå ulike fagfelt. Det trur eg vert viktig i ulike samarbeidssituasjonar, seier Mossige.
Undersøkjer straum i hjernen
Masteroppgåva hennar undersøkjer korleis utrekninga av dosar i elektrokonvulsiv terapi (ECT) tar omsyn til individuelle skilnadar og skal sikre lik effekt av behandlinga. ECT sender elektrisk straum gjennom hjernen, og skal indusere eit krampeanfall. Mossige fortel at behandlinga vert brukt hjå dei mest deprimerte pasientane og når anna behandling ikkje har effekt.
– Arbeidet med oppgåva innebar å estimere potensielle volumendringar i hippocampus ved hjelp av magnetisk resonans-bilete (MR) tatt før og etter behandlinga, i tillegg til å studere simuleringar av det elektriske feltet generert av ECT-stimulusen. Variasjonen i elektrisk feltstyrke og volumendringar mellom individ vart karakterisert med omsyn på BMI, kjønn og alder. Slik undersøkte eg i kor stor grad doseberegningsmetoden sikrar lik effekt av behandlinga, seier ho.
Master på mandag, jobb på torsdag
Mossige avslutta masteren på mandag 28. juni. Knappe tre dagar seinare startar ho i ny jobb som MR-fysiker på avdelinga for diagnostisk fysikk ved Oslo Universitetssykehus (OUS).
– Eg gleder meg masse til å endeleg kunne jobbe med alt det eg har lært og få skikkeleg erfaring med utstyret, sidan eg har ein svært teoretisk bakgrunn. Eg kjenner meg heldig som får jobbe innanfor eit så spanande felt. Det er så mange måtar å bruke MR, som til dømes 3D-bilete av organa i kroppen, kjemisk analyse og bilete av aktive område i hjernen. Eg ser fram til å lære masse, seier Mossige.
Viktige problemstillingar
– Det er veldig kjekt at den første studenten no er gjennom programmet medisinsk teknologi og det med glans! Ingrid har adressert viktige problemstillingar som kan påvirke pasientbehandling. Arbeidet viser kor viktig tverrfagleg kompetanse er innan moderne medisin, der teknologi jo er ein av dei store drivarane for utviklinga, seier Renate Grüner.
Mossige sitt masterprosjekt utgår frå Divisjon psykisk helsevern og Radiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus.
Grüner er forskningsdirektør på Haukeland universitetssjukehus og er 20 prosent førsteamanuensis på Universitetet i Bergen, og har vore rettleiar på Mossige si masteroppgåve. Forskingsdirektøren meiner det er svært viktig at universitetssjukehuset har eit godt samarbeid med dei ulike fakulteta ved UiB.
– Det gjeld særleg innan problemstillingar knytt til den pasientnære forskinga slik som i dette prosjektet. Gjennom felles student- og forskingsprosjekt styrkar vi banda mellom institusjonane – det er veldig positivt!
Ho er glad for at Ingrid Mossige går rett ut i jobb etter studiene.
– Det har vore veldig gøy å vere rettleiar for ein drivande god student som Ingrid, seier Grüner.