Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
FORMIDLINGSPRISEN 2021

Formidlingsprisen til ettertrakta historikar

Historieprofessor Yngve Flo mottek HFs formidlingspris for sitt omfattande formidlingsarbeid om norsk politikk.

Yngve Flo
FORMIDLINGSPRISEN: – Vi er alle heilt avhengige av den frie samtalen som går føre seg i media. Universitetet og media bør hjelpe og støtte kvarandre, meiner historieprofessor og ekspertkommentator Yngve Flo.
Photo:
Ingrid Endal

Main content

Smak på ordet «regionreform». Litt tørt og kjedeleg? 

– Nei, altså, regionreforma er ei sak som engasjerer noko valdsamt, protesterer Yngve Flo.  

– Berre tenk på kva kommunar og fylke betyr for folk – det handlar om identitet, demokratisyn, materielle og geografiske skilje, om kven som skal vere sentrum og kven som skal vere utkant, seier han. 

Yngve Flo er professor i moderne politisk historie og ekspert på tilhøvet mellom statleg styring og lokalpolitikk. Han har vore aktiv som ekspertkommentator i både dagspresse, radio og TV sidan regionsreforma, og er ein ettertrakta bidragsytar i den politiske debatten om kommune- og fylkessamanslåinga.

For året 2021 mottek han Det humanistiske fakultet sin formidlingspris for sitt omfattande og vedvarande formidlingsarbeid om norsk politikk, og særleg for hans innsats under valkamphausten. 

Koplar historia med det dagsaktuelle 

Den nyslåtte prisvinnaren har vore ein aktiv formidlar i heile si forskarkarriere, men i mange år var formidlinga retta mot spesielle forsamlingar. Det er ikkje få gongar han har blitt invitert til kommunar og fylkeskommunar for å fortelje om det han driv med.  

– Dei som arbeider med politikk og forvalting i politiske institusjonar har alltid vore interesserte i forskinga mi. Det er jo dei eg forskar på, seier han. 

– Dei synes det er nyttig med blikket utanfrå. Det bidreg til ei forståing av eigen funksjon og eigen arbeidsplass. Eg kan noko om dei som dei sjølv ikkje kan, og kan gje perspektiv som er interessante for dei. Blant anna har eg forska på eineveldets barndom og fram til i dag, og kan fortelje fylkesmennene at «dette har de baksa med i alle år». Det set dei pris på å høyre.

For Flo er det viktig å ha tett dialog med dei han forskar på, men han synest også det er moro å halde på med allmennretta formidling – sjølv om det var litt uvant i starten.  

Blir tvinga til å finne essensen

– Det å snakke i etermedia krev at ein har ei anna tilnærming til det ein formidlar. Ein må konsentrere bodskapen, prøve å formidle stoffet på ein kortfatta måte, og lande eit resonnement.  

– Å begynne å snakke er ein ting, det er noko heilt anna å slutte, slår han fast.  

Formidling er på ein måte ein tilleggsaktivitet til forsking og undervising, men Flo meiner det er viktig å drive på med.  

– Det er ei god øving, og noko av det fine er at det spelar tilbake på forskinga – ein blir jo tvinga til å finne essensen. Det blir litt som i undervisinga, ein må prøve å disiplinere seg og tenke over kva som er viktigast. 

– Samstundes treng vi ikkje vere bombastiske, eller kome med eit svar. Vi forskarar kan hjelpe med å problematisere, å vise dilemma, og at ting kan ha fleire ulike svar.

Vi er avhengige av den frie samtalen

Som historikar med lokalpolitisk ekspertise sit Flo på ettertrakta kompetanse, og dess meir han er i media, dess oftare blir han kontakta av journalistar. Han prøver alltid å hjelpe dersom han meiner han kan bidra. Om han ikkje kan svare, peikar han vidare.

– På mange måtar handlar det om legitimitet til det vi driv med på universitetet. Vi er avhengige av at vi er viktige for andre der ute.

Flo hadde eigentleg tenkt å bli journalist, og tok frilansoppdrag frå han gjekk på ungdomsskulen. Han tok til og med eit års pause i studia for å jobbe som journalist i lokalavisa heime. Kanskje det er difor han er særleg merksemd på media, det at han har vore på den andre sida? 

– Vi er alle heilt avhengige av den frie samtalen som går føre seg i media. Universitetet og media bør hjelpe og støtte kvarandre, meiner han.

– Politikk og politiske institusjonar har interessert meg sidan ungdommen. Eg hadde ikkje evna å vere ein politisk aktør sjølv, eg er for tvisynt til det. Eg er meir ein observatør, ein som prøver å forstå. Slik var det som journalist, og slik er det også no som forskar. Vi begge prøver å forstå, og å gjengi stoffet på ein forståeleg måte.

Gir prispengane til Studentersamfunnet 

I formidlingsprisen sine statuttar heiter det at prispengane skal brukast til formidlingsverksemd i samsvar med prisvinnaren sine ønske. Flo ønskjer å bruke pengane på eit formål der dei kan yngle.

– Eg har skjøna det slik at studentorganisasjonane slit med rekrutteringa no etter pandemien. Eg tenkte eg skulle gje pengane til Studentersamfunnet, slik at dei kan bruke dei til å rekruttere nye, flinke, folk.

Flo meiner det er særs viktig å få opp diskusjonstemperaturen ute blant studentane. Det er noko UiB vil dra nytte av, men også ute i den breie offentlegheita.

– Eg gjekk mykje på Samfunnet sjølv som student, og meiner at den gode, faglege, debattarenaen er viktig. Eg ser på dette som eit flott formål for prispengane.

Den norske regjeringsmakta under lupa

Sjølv skal Flo i gang med eit nytt forskingsprosjekt som har fått midlar til å studere den norske regjeringsmakta, som del av ei forskargruppe med rettsvitarar, statsvitarar og sosiologar frå UiB, UiO og OsloMet.

– Det er veldig interessant å følgje dei politiske institusjonane over tid, korleis dei veks fram og utviklar seg. Det er som å studere ei levande organisme, seier han.

Prosjektet skal sjå på korleis regjeringa endrar seg, korleis regjeringsmedlemma jobbar og korleis dei lagar politikk. Då må dei ut og snakke med folka bak. Prosjektet inneber mellom anna intervju med tidlegare statsministrar og statsrådar.

– Dette er det fine med moderne historie. At ein faktisk kan møte kjeldene sine medan dei er i live, seier Flo.