Home
Division of Student and Academic Affairs

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Lektorsenteret offisielt opna

14. mars vart det nye lektorsenteret på UiB offisielt opna av prorektor Pinar Heggernes. Senteret skal ha eit fagleg og administrativt ansvar for heilskapen i lektorutdanninga ved UiB.

Next

Åpning av lektorsenteret

Producer:
Ole Friele
1/2
Åpning av lektorsenteret
Photo:
Ole Friele
2/2
Previous

Main content

Senteret held til i bygget til Studieavdelinga i Langes gate 1 - 3. Rundt 70 personar overvar opninga av lektorsenteret, som prorektor Pinar Heggernes markerte ved å klippa over snora inn til sjølve senteret. Ho heldt òg opningstalen, medan lektorstudent Kjetil Storli frå FIL, visedekanane ved lektorutdanningsfakulteta, og direktør ved SA, Christen Soleim, kom med lykkeønskninger til det nye lektorsenteret og dei som skal ha virket sitt der. Johanne Mjøs og Kristoffer Kleiveland frå Ole Bull Akademiet/Grieg Akademiet sto for dei musikalske innslaga under opninga.

Pinar Heggernes åpner lektorsenteret

Prorektor Pinar Heggernes klipte snora og opna offisielt det nye lektorsenteret på UiB.

Photo:
Ragnhild Osnes Legreid

Bakgrunnen for etableringa er blant anna behovet for ein sterkare koordinering av lektorutdanninga ved UiB. Tidlegare har det vore fire fakultet som har koordinert utdanninga mellom seg (SV, HF Mat. Nat. og Psykologi). Når ein no samlar alt under ein paraply, blir det òg lettare å vera eit samlingspunkt for eksterne samarbeidspartnarar.

Lektorsenteret skal i følgje mandatet «gi lektorutdanningen en enhetlig representasjon innad og utad, bidra til et sammenhengende faglig og organisatorisk innhold og en bedret studieopplevelse». 

Ordninga med lektorsenter skal evaluerast i løpet av ein toårsperiode etter vedtaket i universitetsstyret.