Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nytt masterprogram ved IF

Endeleg nytt masterprogram i kinesisk

Endeleg kan studentar få meir utdanning i kinesisk. Institutt for framandspråk tilbyr frå hausten av eit nytt masterprogram i kinesiske studium. Det nye masterprogrammet blei feira med informasjonsmøte for potensielle søkjarar, sjølvsagt med kake.

Fagkoordinator, Guowen Shang, presenterer programmet
Fagkoordinator, Guowen Shang, presenterer programmet
Photo:
Shouhui Zhao

Main content

Det har alltid vore eit mål for fagmiljøet å få oppretta eit masterprogram, og dette er noko studentane og har ytra ønske om. Fagmiljøet har gjort fleire uformelle undersøkingar blant studentane, der interessa for å ta master jamt over har vore høg.

Bachelorprogrammet i kinesisk er eit godt rekrutteringsgrunnlag til masteren. Bachelorprogrammet starta opp for første gong i 2013 – med ein tilsett på faget, Shouhui Zhao. Programmet hadde då opptak annakvart år. I 2017 blei faget styrka, og talet på tilsette gjekk opp til to då Guowen Shang starta på IF. Bachelorprogrammet fekk opptak kvart år. Opptaket av studentar til programmet har jamt over vore godt, og har hatt ein auke dei siste åra. 

Først i 2020, då faget blei styrka med ei stilling til, samt ein postdoktor, var forholda gode nok for å gå i gang med søknad om eit masterprogram. Søknaden blei jobba fram av heile fagmiljøet i kinesisk, som hadde gode støttespelarar i instituttleiing, studieadministrasjon, fakultet og UiB Læringslab. Arbeidet med søknaden blei ekstra styrka av engasjementet blant studentane.