Høg kvalitet på innovasjonsidear
Årets vinnarar av verifiseringsprogrammet UiB idé er plukka ut, og vurderingskomiteen er imponert over kvaliteten på søknadane.
Main content
UiB idé er eit verifiseringsprogram der studentar og forskarar ved UiB kan få støtte til å ta ideane sine vidare mot produkt eller tenester som kan vere til nytte for samfunnet.
Det kom i år inn 31 søknadar, fordelt på alle fakultet samt Universitetsmuseet.
No har den eksternt leia komiteen gjort sitt val: Sju prosjekt er plukka ut til å gjennomføre det halvårlege programmet, og tre av desse er studentprosjekt. Forskarar kan søkje om opptil 500 000 kroner, mens studentar kan få maksimalt 100 000 kroner.
Fleire fortener finansiering
Budsjettet er på to millionar kroner, og nytt av året er at det er muleg å søkje om opptil 25 000 kroner gjennom UiB tidleg idé, som rettar seg mot både forskarar og studentar.
Komitéleiar Børrea Schau-Larsen har i år vore imponert over mangfaldet og kvaliteten på søknadane.
– Fleire idear hadde fortent finansiering, seier Schau-Larsen.
Avdelingsdirektør Benedicte Løseth ved forskings- og innovasjonsavdelinga på UiB er særleg glad for spreiinga av prosjekta:
– Det er gledeleg at så mange prosjekt har kome inn frå Det humanistiske fakultetet, Det psykologiske fakultetet og Fakultetet for kunst, musikk og design. Det vitnar om at desse har satsa særleg på innovasjon i det siste, seier Løseth.
Prosjekta spenner frå alt mellom forbetra kirurgiske metodar til å finne optimalt oppdrettsfôr til skalldyr.
Stolt viserektor
I løpet av sommaren eller hausten startar prosjekta opp, og dei vil gå over ein periode på seks månader.
– Eg ønskjer dei lukke til, og ser fram til å sjå resultata våren 2023.
Viserektor for innovasjon, satsinger og klynger, Gottfried Greve, er godt nøgd med utviklinga på innovasjonsfeltet:
– Heilt ærleg, eg er stolt på vegne av UiB. Prosjekta som komiteen har vald ut fortener vår støtte, og dei har gjort ein svært god jobb.