Home
Education Policy (EDPOL)

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Prosjekt

Samhandling mellom skular og rettleiingsteneste

Prosjektet er ei kartlegging av samhandling mellom skular og rettleiingsteneste i Vestland fylkeskommune. Forskarane Astrid Tolo, Kari Hagatun og Elisabeth Hesjedal har samarbeidd med Seksjon for kvalitet Vestland fylkeskommune om prosjektet, som er gjennomført under den statleg finansierte ordninga Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis.

Main content

Kartlegginga har ei kvalitativ tilnærming. Totalt 43 personar vart intervjua i 18 gruppeintervju hausten 2021. Gruppene var samansett av høvesvis lærarar, skuleleiarar og tilsette i rettleiingstenestene.

Kartlegginga viser at det er ein stor kompleksitet i arbeidet med å gje elevane tilpassa opplæring og oppnå inkluderande praksisar. Fylket har generelt høg kompetanse til å gjennomføre arbeidet, men den nødvendige samhandlinga for å gje alle elevar som treng det eit godt opplæringstilbod er krevjande. Kartlegginga avdekkar kor vanskar for samhandling oppstår, drøftar årsakene og gjev anbefalingar for vidare arbeid.  

Datamaterialet vert brukt til vidare forsking.