Home
Centre for Women's and Gender Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
UiBs strategi og mangfaldspolitikk

Korleis legg Universitetet i Bergen til rette for mangfald?

Ein visjon om mangfald står sentralt i arbeidet med den nye UiB-strategien, men kva betyr mangfald, og korleis kan mangfaldspolitikk omsetjast i handling?

A person is sitting at a table in front of a computer, behind them is a person participation in a live Zoom call
Svati Shah presenterer. Ro Averin deltok digitalt.
Photo:
Kamilla Stølen

Main content

Torsdag 13. oktober arrangerte forskargruppa ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) ved UiB ein workshop om mangfald der medlemmar av arbeidsgruppa for ny UiB-strategi, Likestillingskomiteen ved UiB og tilsette i rektoratet var inviterte.

Workshopen, som blei finansiert av Meltzer-fondet, hadde som mål å diskutere og reflektere over kva mangfald betyr, både i politisk forstand og i kvardagen til tilsette, studentar og leiarar ved UiB.

Universitetet sin nye handlingsplan for mangfald, inkludering og likestilling fokuserer hovudsakeleg på juridiske forståingar av kjønnslikestilling og etnisk mangfald, og tilbyr relativt lite i form av retningslinjer for handling.

Korleis kan vi forstå og legge til rette for mangfald?

Deltakarane blei bedt om å tenke gjennom følgande spørsmål:

  • Korleis kan vi på same tid reflektere over juridisk ansvar og djupare strukturelle endringar når vi freistar å forstå, planlegge og gjennomføre arbeid mot t.d. rasisme, (hetero)-sexisme og funkofobi?
  • Kva moglegheiter og fallgruver finst i språket vi brukar når vi snakkar om og freistar å forstå mangfald og inkludering?

For å diskutere desse spørsmåla og framheve både moglegheiter og fallgruver hadde SKOK engasjert  mangfaldskonsulent Ro Averin.

Ver obs på nordeuropeisk eksepsjonalisme

Først sette SKOK-gjesteforskar Svati Shah i gang diskusjonen ved å gi døme på utilstrekkelege handteringar av rasisme og seksuelle overgrep ved amerikanske universitet. Desse er delvis dokumenterte i ein nyleg studie omtala av World University News under overskrifta “US international HE ‘reinforces racism’, study finds”.

Shah anerkjende at det er klare forskjellar mellom amerikanske og norske høgare utdanningsinstitusjonar, men understreka at eitkvart leiarskap burde gjenspegle menneska dei er sett til å leie.

Dette inneber at høgare utdanningsinstitusjonar må få på plass strukturelle mangfaldsløysingar som går lenger enn det å endre tilsetjingsrutinar og berre «telje hovud».

Shah understreka at fokuset må vere på korleis dominerande normer blir oppretthalde av institusjonelle rutinar. I Vesten ser desse normene ut som kvitheit.

Poenget er likevel ikkje å produsere kvit skam, men å etablere ein mangfaldspolitikk som leier til reelle endringar. Jamvel små endringar kan skape mykje uro hos dei som ikkje ser fordelar med desse endringane, så det er ikkje ei lett oppgåve. I tillegg kan nordeuropeisk eksepsjonalisme tåkelegge røynda og gi inntrykk av at mangfaldsrelaterte problem ikkje finst.

Å unngå fallgruver

Etter ein samtale rundt bordet inspirert av Shah sitt innlegg, utforska Ro Averin omgrep som “mangfald”, “inkludering”, “likestilling”, rettferd” og “interseksjonalitet» i sin presentasjon “Building Equitable Spaces – ‘Diversity’ Work and Strategic Planning. Dei framheva både fallgruver og døme på betre mangfaldsprosessar i høgare utdanningsinstitusjonar.  

Ei fallgruve er såkalla performativ påverknad («performative advocacy») – at institusjonar lagar planar for å unngå å gjere noko, i staden for å ta ansvar. Ei relatert fallgruve er såkalla «tokenisme» av marginaliserte studentar og tilsette, eller eit hyperfokus på økonomiske argument for mangfald. Det siste handlar også om det å flytte økonomisk og administrativt ansvar for mangfaldsarbeid til instituttnivå. 

Korleis kan vi skape eit meir likestilt og rettvist norsk akademia?

Vidare foreslo Averin betre måtar ein kan legge til rette for mangfald på i institusjonen. Eit forslag er å søkje direkte tilbakemeldingar frå marginaliserte grupper ved aktuell institusjon. Dette vil resultere i betre representasjon og førebu institusjonen på å støtte strukturell endring.

Med tanke på dette er det viktig å uttrykkeleg namngje strukturelle utestengingsmekanismar og korleis desse påverkar spesifikke marginaliserte grupper. Betre prosessar inneber også at ein fremjar institusjonell openheit og legg fram tydelege ansvarstiltak (utan å vere redd for søksmål).

Til liks med Shah la Averin vekt på at endring ofte fører til uro og motstand i institusjonen, så mangfaldsprosessar burde difor ønskje ubehag velkommen framfor å styre unna.

Den påfølgande diskusjonen var innom tema som viktigheita av politisk vilje, behovet for kunnskapsmangfald, og korleis ein kan handtere det vanlege argumentet om at ein med meir mangfald risikerer å senke den akademiske standarden.

Studentrepresentantane ved UiB sin Likestillingskomité poengterte at komiteen sitt originale mandat frå 1980-talet i stor grad framleis gjeld; berre mindre justeringar blei gjort på tidleg 2000-tal, så det er på høg tid å revidere dette.