Home
Faculty of Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
RETTSSTAT | EUROPA

– Noreg bør innføre sanksjonar mot Polen

Utviklinga i Polen er ein direkte trugsel mot europeisk samarbeid. Tida er overmoden til å setje hardt mot hardt, og Noreg bør følgje EU i å innføre økonomiske sanksjonar mot landet, meiner professor Eirik Holmøyvik og førsteamanuensis Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet.

Polen
Etter å ha vunne både president- og parlamentsvalet i Polen i 2015, overtok Partiet for lov og rettferdighet (PiS) makta i Polen.
Photo:
Colourbox.

Main content

Nyleg vitja den polske regissøren Kacper Lisowski Det juridiske fakultet, UiB, og fortalde om den vanskelege situasjonen til dommarar i Polen, i samarbeid med Bergen internasjonale filmfestival (BIFF). Dokumentarfilmen Judges under Pressure følger den polske dommaren Igor Tuleya sin kamp mot regjeringas illiberale reformer, som han ser på som en potensiell byrjing på slutten for Polen vi kjenner i dag. I etterkant av filmen var det også samtale, kor blant anna professor Eirik Holmøyvik og førsteamanuensis Malgorzata Cyndecka ved Det juridiske fakultet deltok.

I kjølvatnet av dette har vi intervjua dei to jussekspertane om dommaranes situasjon i Polen og kva som står på spel.

Kva skjedde med den polske domstolen etter 2015?

MC: Etter å ha vunne både president- og parlamentsvalet i Polen i 2015, overtok Partiet for lov og rettferdighet (PiS) makta i Polen. Det første steget i å overta domstolane var å overta Konstitusjonsdomstolen, noko som skjedde i 2016. Dette var byrjinga  på nedbygginga av rettsstaten i Polen. Dei såkalla  «justisreformene» resulterte i ei overtaking av domstolsrådet som utnemner dommarar, angrepet på Høgsterett, etableringa av disiplinærkammeret for å disiplinere «illojale» dommarar og overtakelsen av påtalemyndigheiter som er underlagt justisministeren for å nemne dei sentrale grepa.

EH: I 2017 vedtok regjeringa også ei rekkje lovendringar, som gav dei politiske styresmaktene kontroll over dei vanlege domstolane og dommarane. Ei rekkje domstolsleiarar vart fjerna, og regjeringa oppretta eit eige disiplinærkammer i høgsterett for å forfølge dommarar som våga å opponere mot regjeringa.

Dommar Igor Tuleya var ein av dei. I 2020 vedtok regjeringskoalisjonen også lover som forbyr dommarar å ytre seg kritisk om domstolsreformene og forbyr dommarar å handheve europeiske normer om dommaranes sjølvstende. Mykje av desse lovendringane var grunnlovsstridige, men utan ein uavhengig grunnlovsdomstol, var det ingen som kunne stoppe regjeringskoalisjonen. 

Korleis er situasjonen for polske dommarar i dag?

MC: Det spørst kva for nokre dommarar vi snakkar om. Dei som ikkje er lojale mot PiS, og som kritiserer dei såkalla justisreformene, eller som har anvendt EU-rett eller EMK, utsettast for disiplinærtiltak som suspensjon, reduksjon av løn eller flytting til ein annan domstol. De utsettast også for hatkampanjar i media. Enkelte dommarar sine familiemedlemmer er også forfølgt. Dummare som støtter PiS får opprykk i rekordfart eller får andre godar.

Kva er det som står på spel, utover det polske demokratiet?

EH: Det polske demokratiet er definitivt i fare. I 2017 vart det oppretta eit særskilt kammer i polsk høgsterett som skal avgjere om demokratiske val er gyldige. Dette kammeret er ikkje uavhengig frå regjeringa, noko også Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast.

For Europa står heile EU-samarbeidet på spel. EU-traktaten krev at EU er ein union av demokratiske rettsstatar. Ungarn er ikkje lenger rekna som eit fungerande demokrati i anerkjende demokratiindeksar. Polen, som er ein av dei største medlemsstatane, står i fare for det same. Og det er heva over tvil at Polen ikkje oppfyller dei rettsstatlege krava til EU.

Er det noko EU og eventuelt Noreg kan gjere for å motverke dei antidemokratiske kreftene?

EH: Vi må slutte å vere naive. Utviklinga i Polen er ein direkte trugsel mot europeisk samarbeid, som for oss er EØS-avtalen. Tida er overmoden til å setje hardt mot hardt. Noreg bør følgje EU i å innføre økonomiske sanksjonar mot Polen. For Noreg betyr det å suspendere delar av EØS-midlane vi betalar til Polen. Dette kan gjerast på ein måte som ikkje råkar sivilsamfunnet i Polen, og som samstundes vil vere eit kraftfullt signal om at Noreg ikkje vil støtte statar som bryt grunnverdiane i EØS-samarbeidet.

MC: EU bør klart holde tilbake pengane gjenoppbyggingsfondet frå EU, noko dei foreløpig gjer, så lenge polske myndigheiter ikkje reverserer dei såkalla justisreformene. Noreg bør kutte EØS-midlar til Polen, med unntak av midlar som er øyremerkte for sivilsamfunnet. I fjor ba ICJ Norge den nye regjeringa å gjere dette, men utan resultat. Norske skattebetalar er dessverre med på å støtte PiS.