Naturdebatt i Rosendalsveko: – Ekstra spennande i år
Når sommarferien er på hell og lokalvalet rett rundt hjørnet, er det duka for årets Rosendalsveko. Årets program er fullspekka av spennande diskusjonar om natur og klima.
![Nils Gunnar Kvamstøen og Margareth Hagen under Rosendalsveko 2022](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/rosedalsveko_2022._foto_christine_fagerbakke_hi.jpg?itok=Lnl5ZEdA×tamp=1686900856)
Main content
For fjerde gong samlast politikarar, styresmakter, næringsliv og kunnskapsinstitusjonar til idémyldring og gode diskusjonar på kaia i Rosendal.
– Rosendalsveko har allereie vorte ein fast tradisjon, med inspirerande samtalar i vakre omgjevnadar. Årets program byr på alt frå løysingar for havbruket til korleis vi kan vareta klima og natur på same tid. Det er tema som er særs viktige – både i dag og for framtida, seier havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.
![Flyer for Rosendalsveko 2023](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/espen_barh_eide_3.png?itok=-ysNL-tX×tamp=1686901140)
Rosendalsveko vert arrangert i samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, Folgefonnsenteret og Universitetet i Bergen. Årets program går av stabelen frå 7. til 8. august.
Store problemstillingar med eit lokalt perspektiv
Rosendalveko 2023 har hovudoverskrifta «Natur og klima». Første dag vert innleia av klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) før diskusjonane vert sparka i gang.
– Rosendalsveko har utvikla seg til å verte ein viktig arena der akademia, næringsliv og politikk møtest for å diskutere store problemstillingar med eit lokalt perspektiv. Årets Rosendalveko vert ekstra spennande med tanke på at vi i fjor fekk verdas første naturavtale, seier dekan Gunn Mangerud frå UiB.
I løpet av to innhaldsrike dagar set vi søkelyset på kraft og natur, grøn næringsutvikling, berekraftig reiseliv og småbruket si rolle i klimaomstilling – for å nemne eit utval frå program-godteposen.
– Vi vonar mange vil legge turen til Kvinnherad desse dagane, for å verte oppdaterte og orienterte om særs viktige tema innan klima, natur og berekraft, som opptek oss alle, seier styreleiar i Folgefonnsenteret, Hans Inge Myrvold.
![Flyer 2 rosendalsveko](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/5_1.png?itok=deogg2D_×tamp=1686901196)