Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Kvifor musikk – i kvardag og klinikk

Polyfon-konferansen 2024

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Polyfon-konferansen 2024
Photo:
Polyfon

Main content

Polyfon-konferansen 2024 går av stabelen 7. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen på Veslandet, og vi er nok ein gong så heldige å få ta i bruk dei fine lokala til HVL på campus Kronstad. Konferansen blir gjennomført med bidrag frå L. Meltzers Høyskolefond.

Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.

Tema for konferansen

Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.

Program (og lenker til sammendrag)

Konferansier i år vert Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole.

Plenumsprogrammet vil føregå i Mimes Brønn.

09.30-10.00: Kaffi/te og frukt i Storstuen utanfor Mimes Brønn.

Program

Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.

10.00-10.15: Musikkinnslag ved studentar frå Høgskulen på Vestlandet og frå Griegakademiet

10.15-10.30: Opning

10.30-11.10: Plenumspresentasjon: Hvorfor er musikk så viktig for oss mennesker? Ved Nora Bilalovic Kulset (NTNU)

11.10-11.20: Boklansering: Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste (rev. utg.) Ved Gro Trondalen (NMH), Torhild Kielland (Høgskolen i Innlandet) & Hans Petter Paulen Solli (NMH)

11.20-11.40: Pause/posterutstilling i Storstuen

11.40-12.20: Plenumspresentasjon: Musikkterapi i tvungent psykisk helsevernet samspill på kanten? Ved Oda Dypvik Bjørke & David Galea (Lovisenberg Diakonale Sykehus)

12.20-13.00: Lunsj i kantina

13.00-14.30: Parallelle foredrag i 4 spor + Rundebordsdiskusjon

14.30-14.50: Pause/posterutstilling i Storstuen

14.50-15.30: Plenumspresentasjon: Brukermedvirkning i forskning – Forutsetninger for godt samarbeid. Ved Anne Blindheim (Haukeland universitetssjukehus). Etter presentasjonen: paneldiskusjon.

15.30-16.10: Plenumspresentasjon: Musikk og helse i barn og unge sin oppvekst: Perspektiv på tverrfagleg samarbeid. Ved Kaja Elise Enge & Charlotte Johannesen (Bergen kommune), Christine Langeland & Merete Hoel Roaldsnes (Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund)

16.10-16.15: Avsluttande informasjon/refleksjon

16.15-16.30: Musikkinnslag ved Polyfons erfaringspanel

 

Parallelle foredrag

Spor 1-4: 3 presentasjonar per spor, 25 minutt per presentasjon inkl. spørsmål, 5 minutt forflytting.

Spor 5: Rundebord, 90 minutt inkl. spørsmål og diskusjon.

Sjangrar: (P)=presentasjon av praksis, (F)=presentasjon av forsking, (E)=presentasjon basert på erfaringskompetanse, (I)=innspel til refleksjon og diskusjon, (R)=rundebord

Parallellprogrammet kan også lastast ned i tabellformat (pdf).

Samandrag for den enkelte presentasjonen finn du ved å trykke på tittel.

SPOR 1: Auditorium 3

13.00-13.25: (F) Person-centered approach in group music interventions for people with dementia. Naomi Rasing.

13.30-13.55: (F/E) Brukermedvirkning i forskingsprosjektet FALCO. Lars Tuastad, Anne Malerbakken, Kenneth Dybdahl, Bjarte Johansen & Morten Sommerbakk.

14.00-14.25: (F/E) HRV og subjektiv opplevelse i musikkterapi i psykisk helse; en deltagende studie. Bettina Flater, Anne Malerbakken & Silje Rasmussen Sandnes.

SPOR 2: Auditorium 5

13.00-13.25: (F) Musikkterapeutisk sangskriving med foreldre av premature barn på sykehus. Isabelle Dalhaug.

13.30-13.55: (F) Betydningsfull gjennom musikk: Ringvirkninger av musikkterapi i barnehage. Jørgen Aasen Berget m.fl.

14.00-14.25: (F) Autistiske barn leder veg i musikkterapi. Sølvi Marie Berge.

SPOR 3: Auditorium 9

13.00-13.25: (F) 167 timer på egenhånd: Musikkterapi og langvarige smerter. Gry-Svanhild Kvisterud Hole.

13.30-13.55: (E) Hørselshabilitering og livsmestring ved hjelp av musikkterapeutiske metoder. Astrid Øvrebø.

14.00-14.25: (I) Bruk av musikkteknologi i musikkterapi – et etisk dilemma? Merethe Wolf Lindvall & Jens Erik Aasmundseth.

SPOR 4: Auditorium 10

13.00-13.25: (P) Rytmene mellom oss. Musikkterapi i behandling av barn med traumer. Gunn Karoline Fugle.

13.30-13.55: (P) Betydningen av musikk og brukererfaring i en terapigruppe inspirert av emosjonsfokusert teori for mennesker med psykoselidelser. Ragna Brandt & Oda Dypvik Bjørke.

14.00-14.25: (P) Tonetrinn – kan toner bygge bro mellom institusjon og samfunn? Alexander Bjotveit, Lars Hjalmar Rosvoll, Frida Woll & deltaker i Tonetrinn.

Rundebordsdiskusjon

SPOR 5: Mimes Brønn

13.00-14.30: (R) Kvifor treng vi prosedyrar for musikkterapi i spesialisthelsetenesta?

Rundebordsdeltakarar: Malena Grov Ottesen, Haakon Raa Tveit, Brynjulf Stige m.fl.

Tilbake til program

 

Posterutstilling

Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review. Kristi Stedje.

Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste: rev. utgave. Gro Trondalen, Torhild Kielland & Hans Petter Pauli Solli.

Lydbad kan ha stor terapeutisk verdi – erfaringer fra rusbehandling. Anne Siri Langelandsvik.

Musikkterapi i Palbu ved Haukeland universitetssjukehus. Merethe Wolf Lindvall & Jens Erik Aasmundseth.

Sensorisk Musikkstund med personer med demens. Carolyn Magnussen.

Utbrenthet og omsorgstretthet hos musikkterapeuter. Malena Grov Ottesen & Gerd Karine Lunde Torsvik.

Tilbake til program

 

Strøyming

Best utbyte av konferansen får sjølvsagt dei som deltar fysisk, både p.g.a. av dei parallelle sesjonane etter lunsj og fordi pausepraten og nettverksbygginga alltid er ein viktig del av ein konferanse. Men med tanke på nasjonal rekruttering og behovet for å spreie kunnskap til heile landet, vil vi også leggje opp til ei enkel strøyming av programmet i plenumssalen, slik at folk (utan kostnad) kan følgje dette anten dei sit i Alta eller Arendal. Lenke til strøyming vert lagt ut på denne sida når det nærmar seg konferanse.

Mini-festival

Også i år planlegg vi ein "mini-festival" i dagane rundt konferansen, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar, i tillegg til sjølve Polyfon-konferansen:

Merk: Med tanke på tilreisande frå ulike delar av landet, startar Polyfon-konferansen først kl. 10.00. Dørene opnar 09.30. Kom gjerne tidleg for ein kopp kaffi og ein prat!

Kursgodkjenning

Polyfon-konferansen 2024 er godkjent av Norsk psykologforening som vedlikehaldskurs for spesialistar med 6 timar. 

Om Polyfon-konferansen

Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon. 

Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.

Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.

Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!