Polyfon-konferansen 2024
Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.
![Polyfon-konferansen 2024](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/stor_polyfon2024_med_riktig_font.jpg?itok=6kS_DoIr×tamp=1710497370)
Hovedinnhold
Polyfon-konferansen 2024 går av stabelen 7. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen på Veslandet, og vi er nok ein gong så heldige å få ta i bruk dei fine lokala til HVL på campus Kronstad. Konferansen blir gjennomført med bidrag frå L. Meltzers Høyskolefond.
Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.
Tema for konferansen
Kva gjer musikken med oss og kva kan vi gjere med musikk? Polyfon-konferansen 2024 vil løfte fram ulike perspektiv på kva musikk kan vere og knyte dette til sentrale utviklingstendensar og utfordringar i dagens samfunn.
Program
Konferansier i år vert Astrid Kvalbein, rektor ved Noregs musikkhøgskole.
Med atterhald om at det kan kome endringar i programmet.
Program
10.00-10.15: Musikkinnslag
10.15-10.30: Opning
10.30-11.10: Plenumspresentasjon: Hvorfor er musikk så viktig for oss mennesker? Ved Nora Bilalovic Kulset (NTNU)
11.10-11.20: Boklansering: «Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste (rev. utg.)» Gro Trondalen & Hans Petter Paulen Solli (NMH)
11.20-11.40: Pause/posterutstilling
11.40-12.20: Plenumspresentasjon: Musikkterapi i tvungent psykisk helsevern: et samspill på kanten? Ved Oda Dypvik Bjørke & David Galea (Lovisenberg Diakonale Sykehus)
12.20-13.00: Lunsj
13.00-14.30: Parallelle sesjonar i 4 spor + Rundebordsdiskusjon
14.30-14.50: Pause/posterutstilling
14.50-15.30: Plenumspresentasjon: Brukermedvirkning i forskning – Forutsetninger for godt samarbeid. Ved Anne Blindheim (Haukeland universitetssjukehus). Etter presentasjonen: paneldiskusjon.
15.30-16.10: Plenumspresentasjon: Musikk og helse i barn og unge sin oppvekst: Perspektiv på tverrfagleg samarbeid. Ved Kaja Elise Enge & Charlotte Johannesen (Bergen kommune), Christine Langeland & Merete Hoel Roaldsnes (Møre barne- og ungdomsskule, Ålesund)
16.10-16.15: Avsluttande informasjon/refleksjon
16.15-16.30: Musikkinnslag
Posterutstilling
KRISTI STEDJE
Demens, språk og musikk: foreløpige resultater fra en scoping review
MARI WALTHAUG
Et meningsfullt liv på sykehjem Om demens, musikkterapi og opplevelsen av mening
GRO TRONDALEN & HANS PETTER PAULI SOLLI
Etableringshåndbok for musikkterapi i rus- og psykisk helsetjeneste: rev. utgave
ANNE SIRI LANGELANDSVIK
Lydbad kan ha stor terapeutisk verdi – erfaringer fra rusbehandling
MERETHE WOLF LINDVALL & JENS ERIK AASMUNDSETH
Musikkterapi i Palbu ved Haukeland universitetssjukehus
CAROLYN MAGNUSSEN
Sensorisk Musikkstund med personer med demens
MALENA GROV OTTESEN & GERD KARINE LUNDE TORSVIK
Utbrenthet og omsorgstretthet hos musikkterapeuter
Parallelle sesjonar
(kvar presentasjon 25 minutt)
PRESENTASJON AV BRUKARERFARINGAR
LARS TUASTAD, ANNE MALERBAKKEN, KENNETH DYBDAHL, BJARTE JOHANSEN & MORTEN SOMMERBAKK
Brukermedvirkning i forskingsprosjektet FALCO
ASTRID ØVREBØ
Hørselshabilitering og livsmestring ved hjelp av musikkterapeutiske metoder
PRESENTASJON AV FORSKING
GRY-SVANHILD KVISTERUD HOLE
167 timer på egenhånd: Musikkterapi ved langvarige smerter
SØLVI MARIE BERGE
Autistiske barn leder veg i musikkterapi
JØRGEN AASEN BERGET
Betydningsfull gjennom musikk: Ringvirkninger av musikkterapi i barnehage
BETTINA FLATER, ANNE MALERBAKKEN, SILJE RASMUSSEN SANDNES & DANIEL QUINTANA
HRV og subjektiv opplevelse i musikkterapi i psykisk helse; en deltagende studie
ISABELLE DALHAUG
Musikkterapeutisk sangskriving med foreldre av premature barn på sjukehus.
NAOMI RASING
Person-centered approach in group music interventions for people with dementia
PRESENTASJON AV INNSPEL
MERETHE WOLF LINDVALL & JENS ERIK AASMUNDSETH
Bruk av musikkteknologi i musikkterapi – et etisk dilemma?
PRESENTASJON AV PRAKSISERFARINGAR
RAGNA BRANDT & ODA DYPVIK BJØRKE
Betydningen av musikk og brukererfaring i en emosjonsfokusert terapigruppe
GUNN KAROLINE FUGLE
The Rhythms Between Us. Music therapy in the treatment of children with traumas
ALEXANDER BJOTVEIT, LARS HJALMAR ROSVOLL & FRIDA WOLL
Tonetrinn – Kan toner bygge bro mellom institusjon og samfunn?
Rundebordsdiskusjon
(90 minutt)
MALENA OTTESEN, HAAKON RAA TVEIT M.FL.
Kvifor treng vi prosedyrar for musikkterapi i spesialisthelsetenesta?
Mini-festival
Også i år planlegg vi ein "mini-festival" i dagane rundt konferansen, med inspirasjonsdag, konsertar og arbeidsseminar, i tillegg til sjølve Polyfon-konferansen:
- 6. november: gratis inspirasjonsdag om musikkterapi og alderspsykiatri
- 6. november om kvelden: Polyfon-konsert arrangert i samarbeid med Gjenklang
- 7. november: Polyfon-konferansen 2024
- 7. november om kvelden: Musikkterapifest/konsert arrangert i samarbeid med NFMT og GAMUT
- 8. november, dagen etter konferansen, oppmodar vi Polyfons arbeidsgrupper og ulike nettverk til å arrangere interne arbeidsmøte. Dersom de treng hjelp til å reservere rom for eit slikt arbeidsseminar, ta kontakt på Polyfons e-post-adresse.
Merk: Med tanke på tilreisande frå ulike delar av landet, startar Polyfon-konferansen først kl. 10.00. Dørene opnar 09.30. Kom gjerne tidleg for ein kopp kaffi og ein prat!
Kursgodkjenning
Polyfon-konferansen 2024 søkjer Norsk psykologforening og Legeforeningen om godkjenning. Informasjon om eventuelle godkjenningar blir lagt ut fortløpande etterkvart som vi får svar på søknad.
Om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.
Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.
Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!