Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE: REKRUTTERINGSNETT

Nasjonalt rekrutteringsnettverk for musikkterapi

I Noreg kan ein ta mastergrad i musikkterapi ved Griegakademiet (UiB) eller Norges musikkhøgskole. Det nasjonale rekrutteringsnettverket arbeider for styrkt mangfald i norsk musikkterapi og for at utdanningane både skal rekruttere i frå og utdanne til heile landet.

Ein hage
Det gror i norsk musikkterapi. Rekrutteringsnettverket skal bidra til større geografisk spreiing og styrkt mangfald i faget.
Foto/ill.:
Brynjulf Stige, UiB

Hovedinnhold

Nokre fakta om norsk musikkterapiutdanning

  • Du blir musikkterapeut ved å ta ein mastergrad i musikkterapi
  • Du kan studere ved Griegakademiet (UiB) eller Noregs musikkhøgskole
  • Utdanningane har ulike modellar, men er likeverdige og samarbeider tett
  • Musikkterapi er eit fag i vekst og det er behov for fleire musikkterapeutar i Noreg

Mål for og arbeidsmåtar i rekrutteringsnettverket

Nettverket skal:

  • styrke rekrutteringa til musikkterapiutdanningane nasjonalt
  • bidra til at det vert lettare å rekruttere musikkterapeutar til stillingar i heile landet
  • bidra til styrkt mangfald i rekrutteringa til musikkterapifaget

Arbeidsforma i nettverket er informasjon, erfaringsdeling og diskusjon, som grunnlag for lokalt, regionalt og nasjonalt rekrutteringsarbeid. Polyfon samordnar samarbeidet og gjer ulike ressursar tilgjengelege for dei som er med.

Nettverket si samansetjing

Musikkterapeutar frå nesten alle fylke er med i nettverket, ved sidan av fagpersonar frå ulike høgskular/universitet. Her følgjer ei fylkesvis oversikt over nettverksdeltakarane: