Søk om sommarstipend
Polyfon lyser ut sommarstipend for studentar kvart år. Ordinær søknadsfrist: 1. februar kl. 13.00, men merk: I 2025 er fristen utsett til 1. mars. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Hovedinnhold
Polyfon lyser frå og med 2025 ut to typar sommarstipend for studentar:
6 stk tverrfaglege sommarstipend for studentar
Stipend for studentar som jobbar med prosjekt relaterte til musikk og helse. Dette vil vere stipend som studentar i ulike fagmiljø ved alle dei akademiske institusjonane i klynga kan søkje på. Per i dag gjeld dette studentar knytte til Høgskulen på Vestlandet, Noregs musikkhøgskole og UiB og også studentar som måtte vere knytte til aktuelle forskargrupper i NORCE. Søknader kan utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert. Ta gjerne kontakt med sekretariatet for faglege råd: polyfon@uib.no
Desse stipenda er finansierte av GC Rieber Fondene. Les meir om bagrunnen.
2 stk sommarstipend for studentar i musikkterapi eller musikk & helse
Stipend som er øyremerkte til studentar i musikkterapi eller musikk & helse ved Noregs musikkhøgskole og studentar i musikkterapi ved Griegakademiet (UiB).
Avgrensing
Det er normalt ikkje mogleg for avgangsstudentar å søkje.
Avgangsstudentar på bachelorutdanningar kan søkje, med atterhald om at dei har planar om å studere vidare til ein mastergrad. Skulle dei likevel byrje i jobb i staden for, må dei gje klynga melding og seie frå seg stipendet.
Aktuelle temaområde i 2025
Det er opning for søknader med ulike temaområde. Som det går fram av retningslinjene nedanfor, er vitskapeleg kvalitet hovudkriteriet ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering. Nokre aktuelle temaområda i 2025 er:
- Tverrfagleg samarbeid
- Musikkterapi og perinatal psykisk helse
- Oppdatering av kunnskapsbeskrivinga om musikkterapi og eldrehelse
- Oppdatering av kunnskapsbeskrivinga om digital musikkterapi
Ta gjerne kontakt med sekretariatet for faglege råd: polyfon@uib.no
Medforskar eller brukarrepresentant?
For begge stipendtypane er det mogleg å dele eit fullt stipend mellom student og medforskar/brukarrepresentant, då vil ein få eit halvt stipend kvar.
Kva kan du søkje om?
Stipenda er på kr. 40.000 (trekkfritt inntil grensa for frikort) og svarar til 6 vekers fulltidsarbeid. Det er også mogeleg å søkje om halvt stipend på kr. 20.000, anten åleine eller saman med medstudent eller medforskar/brukarrepresentant (då gjeld 1 søknad per prosjekt). Moglege stipendalternativ:
- 1 heilt studentstipend på kr. 40.000
- 1 halvt studentstipend på kr. 20.000
- 2 heile studentstipend à kr. 40.000 (send inn 1 felles søknad)
- 2 halve studentstipend à kr. 20.000 (send inn 1 felles søknad)
- 2 halve stipend à kr. 20.000: 1 til student + 1 til medforskar/brukarrepresentant (send inn 1 felles søknad)
Målet om å byggje tverrfagleg samarbeid tilseier at det kan vere positivt med 2 studentar på same prosjekt, der prosjektet sitt omfang vil avgjere om det er relevant å søkje om 2 heile eller 2 halve stipend.
Førespurnader om faglege råd sendast til polyfon@uib.no
Sjå gjerne denne oversikta over tidlegare tildelte sommarstipend.
Faglege retningslinjer – gjeld begge typar stipend
- Kunnskapsklynga Polyfon arbeider med fagfeltet musikkterapi / musikk og helse, så prosjekt må ha eit fokus på fysiske, psykiske, eksistensielle og/eller sosiokulturelle dimensjonar av aktuelle relasjonar mellom musikk og helse.
- Folkehelserelaterte prosjekt i barnehage, skule og lokalsamfunn er like velkomne som prosjekt knytt til praksis innan helsevesenet.
- Prosjektkvalitet er eit hovudkriterium ved vurdering, samstundes som det vert gjort ei heilskapleg vurdering ut i frå klyngas strategi.
- Stipendet skal styrkje grunnlaget for vidare forsking og det er ein føresetnad at forskingsoppgåva ikkje erstattar arbeid med obligatoriske oppgåver ved studiet.
- Prosjektet skal vere fokusert, avgrensa og mogleg å gjennomføre innanfor ramma.
- Søknader må vise at det blir lagt til rette for brukarmedverknad så langt dette er mogleg og relevant. Polyfon sin rettleiar for brukarmedverknad gir informasjon om gode praksisar for brukarmedverknad.
- Der det er relevant, vil søknader som legg til rette for tverrfagleg samarbeid også verte vurderte som særleg interessante.
- Det er opning for ulike typar prosjekt, men prosjekt som kan leie fram til publisering og/eller utarbeiding av prosjektskisser for nye realiserbare prosjekt vil verte vurderte som særleg interessante.
- For å få støtte, må studenten ha etablert rettleiingssamarbeid med ein forskar/prosjektleiar ved ein av Polyfons klyngedeltakarar (sjå *)
- Dersom arbeidsoppgåvene inkluderer datainnsamling og/eller -analyse, vil spørsmål om personvern, forskingsetisk godkjenning, databehandlingsavtale og liknande måtte vurderast og det må gå klart fram av søknaden at prosjektansvarleg klyngedeltakar tar ansvar for at dette vert tatt i vare etter regelverket.
* For dei tverrfaglege stipenda som er lyste ut i 2025 med støtte frå GC Rieber Fondene, kan student og rettleiar også vere knytte til alle dei ulike fakulteta ved UiB.
Gjeld spesielt for tverrfaglege stipend:
- Klynga arbeider tverrfagleg. Søknader kan utformast frå ulike faglege perspektiv og tradisjonar, men det vert forventa at tverrfagleg tematikk, inkludert musikkterapifagleg tematikk, er vurdert. Det er vidare ein føresetnad at samarbeidsmogelegheiter er vurderte og at prosjektskissa aktivt byggjer på tilgjengeleg litteratur på feltet.
Formelle krav til søknad og rapportering
Søknader er digitale. Bruk det skjemaet du finn i faktaboksen til høgre.
Som det går fram av skjemaet, skal søknadene m.a. innehalde:
- Personalia på student og rettleiar
- Kopi av ein e-post frå rettleiar, som stadfestar at hen vil vere rettleiar (dersom studentens arbeidsoppgåver vil inkludere datainnsamling og/eller -analyse, må rettleiar også stadfeste at forskingsetiske og formelle problemstillingar knytte til dette vert tekne i vare av den aktuelle klyngedeltakaren)
- Prosjekttittel
- Ei prosjektskisse (maks 1200 ord), med presentasjon av bakgrunn for prosjektet, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt
- Beskriving av intendert såkornfunksjon (maks 100 ord). T.d. korleis prosjektet kan fremme fag- eller praksisutvikling og peike fram mot publisering og/eller eit framtidig prosjekt
- Tidsplan for gjennomføring (maks 100 ord)
- Plan for formidling (maks 100 ord)
Ein kort prosjektrapport vert sendt til Polyfon seinast 31.12 det året ein får stipend.
Vi oppmodar alle studentar med sommarstipend til å dele funn og erfaringar på framtidige Polyfon-konferansar (følg med på konferanseutlysing / call for papers).