Utrop for bidrag!
Polyfon-konferansen 2025 vert arrangert 14. november, i HVL sine lokale i Bergen. Konferansetemaet er «Musikk på tvers». Polyfons 10-årsjubileum utfordrar oss til å sjå framover. Send inn forslag til konferansebidrag innan 2. juni!

Hovedinnhold
Tema for konferansen: Musikk på tvers
Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er større enn nokon gong. Musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke arbeidet med formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning? Og korleis kan vi samarbeide, på tvers? Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.
Kva slags presentasjonar ønskjer vi?
Vi søkjer her forslag til konferansebidrag, både til parallellsesjonane og posterutstillinga. Vi er interesserte både i forskingsbaserte, teoretiske og erfaringsbaserte bidrag, og ønskjer at konferansen skal skape dialog mellom brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.
Konferansetemaet rammar inn konferansen, særleg plenumsdelen av denne, men det er rom for breidde i parallellsesjonane og posterutstillinga. Kanskje har du noko spennande og viktig å formidle utan at det er ei sterk kopling til konferansetemaet. Vi tilrår likevel at du gjer aktuelle relasjonar til konferansetemaet så tydeleg som mogeleg. Programkomiteen vil vurdere innkomne forslag ut ifrå kvalitet og relevans.
PS! Forslag til andre typar bidrag er også velkomne, som t.d. rundebordsdiskusjon, workshop, utstilling eller musikkinnslag.
Fristar og rammer
Frist for innsending av forslag til konferansebidrag er måndag 2. juni kl. 13.00. Bruk lenka i Faktaboksen (same skjema for alle typar bidrag).
For utforming av forslaget, sjå retningslinjer for samandrag.
Bidragsytarar får gratis konferanse, inkludert lunsj, uavhengig av om dei er knytte til ein av klyngedeltakarane eller ikkje. Du må sjølv dekkje reise og opphald. Presentasjonar i parallellsesjonane blir ikkje honorert.
Vi legg opp til at konferansen 14. november er del av ein "Polyfon-festival" med fag og musikk over tre dagar. Dagen før hovudkonferansen blir ein inspirasjonsdag med forkonferansar med ulike tema. Om kveldane legg vi som vanleg opp til konsertar. Meir informasjon om dette kjem seinare.
Har du noko du gjerne vil formidle, men liten erfaring med å presentere? Polyfon ønskjer å løfte fram ulike perspektiv og å gje plass til nye stemmer i den fleirstemte samtalen om musikkterapi / musikk og helse. Vi jobbar difor med å kunne gje tilbod om eit kræsjkurs i formidling til alle som får godkjend eit forslag til 2025-konferansen. Meir informasjon om dette kjem etterkvart.
Plenumsprogrammet
Ein breitt samansett programkomité arbeider med eit rikhaldig plenumsprogram. Hovudtrekka i dette programmet finn du på konferansesida. Detaljar blir lagt ut der etterkvart som det er klart.
Konferansespråk
Av omsynet til breidda i bakgrunnen til dei som vil delta i konferansen, legg vi opp til at det som skjer i plenum er på norsk, medan vi gjerne tar inn engelskspråklege bidrag til parallellsesjonar og posterutstillinga.