Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Korleis bruke klynga?

Polyfon arbeider med det tverrfaglege området musikk, helse og medborgarskap. Kunnskapslynga genererer resultat og ressursar alle kan bruke, men legg også spesielt til rette for samarbeid mellom aktive klyngedeltakarar. Les om aktivitetar, relasjonar og ressursar her.

Polyfon søknadsfrister
Du kan bruke Polyfon fordi Polyfon byggjer relasjonar mellom ulike men likeverdige aktørar.
Foto/ill.:
UiB/Polyfon.

Hovedinnhold

Polyfon er ei samling av ulike men likeverdige klyngedeltakarar som utfyller og støttar kvarandre i arbeidet med å løfte bruken av og kunnskapen om musikk som ressurs for individ og samfunn. Klynga byggjer eit nasjonalt samarbeid innan musikkterapi og det tverrfaglege området musikk, helse og medborgarskap. Brukarmedverknad er ein grunnleggjande verdi og arbeidsmåte.

Polyfon støttar forsking og formidling …

Fagpersonar, studentar, leiarar og erfaringskonsulentar ved Polyfons klyngedeltakarar kan m.a. søkje om støtte til forsking og formidling. Vi har laga eit årshjul som viser kva du søkje om støtte til, når. For 2025 ser dette slik ut:

Merk: Den første søknadsfristen for forskingsstøtte og sommarstipend er vanlegvis 1. februar, men er i 2025 utsett til 1. mars.

Søknader om forskingsstøtte og sommarstipend vert vurderte av ein ekstern vitskapleg komité. Vi legg opp til rask sakshandsaming.

Ytterlegare informasjon om dei ulike støtte- og samarbeidsordningane finn du under knappen «Aktivitetar» i menyen over, eller her.

Du kan også kontakte Polyfons sekretariat for råd og fagleg støtte.

… og mykje meir ...

Klyngesamarbeidet er allsidig, og ein klyngedeltakar vil m.a. kunne bruke Polyfon på følgjande måtar:

  • Få råd og fagleg støtte til planarbeid, prosjekt- og utviklingsarbeid
  • Delta i nettverk, faglege fellesskap, arbeidsgrupper m.m.
  • Delta gratis i klyngas seminar og konferansar
  • Søkje på midlar til forskingsstøtte og støtte til formidling/arrangement
  • Delta i samarbeid om større forskingsprosjekt
  • Auke eigne mogelegheiter til å generere eksterne prosjektinntekter

Ta kontakt med Polyfons sekretariat for ein samtale om korleis din organisasjon best kan bruke klynga. 

... fordi Polyfon byggjer relasjonar mellom ulike men likeverdige aktørar

At Polyfon er ei klynge betyr at ein kan bruke dei mogelegheitene som veks ut av samspelet mellom klyngedeltakarar som har kompetansar som utfyller kvarandre. Det inneber m.a. at: 

  • Deltakarane er sjølvstendige aktørar som frivillig har meldt seg inn i klynga
  • Deltakarane kan ha ganske ulike behov, målsettingar og føresetnader
  • Samarbeidet byggjer på ei anerkjenning av at aktørane treng kvarandre og støttar kvarandre
  • Samarbeidet omfattar praksisar som i stor grad er regulerte av nasjonale lover, forskrifter og retningslinjer

Eit vanleg organisasjonskart kan difor ikkje teiknast for Polyfon, men sjå faktaboksen (til høgre på sida) for informasjon om dei styrande, rådgjevande og utøvande funksjonane i klyngesamarbeidet.