Etablering og utvikling av praksis
Polyfon arbeider for at tilgangen til gode og forskingsinformerte musikkterapitilbod skal auke og verte meir likeverdig i heile landet. På denne ressurssida gir vi råd om etablering av praksis og om kvalitetssikring og forsking for vidare utvikling av praksis.

Hovedinnhold
Etablering av praksis handlar m.a. om at kunnskap blir tatt i bruk. Samstundes kan det vere startskotet for utvikling gjennom kvalitetssikring og forsking. Her gir vi difor informasjon om både etablering av praksis og vidare utvikling av praksis. Gje oss gjerne innspel til korleis vi kan vidareutvike denne ressurssida.

Polyfon-konferansen er ein viktig arena for erfaringsdeling og kunnskapsformidling. Her ser vi Merethe Wolf Lindvall (musikkterapeut ved Barne- og ungdomsklinikken, Haukeland universitetessjukehus) og Silja Torvik Griffiths (overlege ved nevrologisk seksjon, Haukeland universitetssjukehus) under 2023-konferansen. Begge er del av leiarteamet for eit nytt palliativt team for barn og unge.