Polyfon-konferansen 2025
Polyfon-konferansen 2025 vil leggje til rette for spennande fleirstemde samtalar om kva musikk har å tilby som helseressurs, om kvifor dette er meir relevant enn nokon gong og om kva kunnskapsklynga kan bidra med i vidare utvikling av feltet.

Hovedinnhold
Polyfon-konferansen 2025 går av stabelen fredag 14. november. Konferansen er eit samarbeid mellom Polyfon, UiB og Høgskulen på Vestlandet, og vi er nok ein gong så heldige å få ta i bruk dei fine lokala til HVL på campus Kronstad.
Konferansen er open for alle interesserte. Konferansedeltaking er gratis for brukarar og bidragsytarar og for alle som er tilsett eller student hos ein av Polyfons 15 klyngedeltakarar.
Tema for konferansen: Musikk på tvers
Musikk er ein viktig del av kvardagen for dei fleste. Interessa for samanhengar mellom musikk, helse og samfunn er større enn nokon gong. Musikkterapi er tilrådd i fleire nasjonale faglege retningslinjer. Likevel er det eit stykke fram før musikkens kraft er tatt i bruk på ein systematisk og kunnskapsbasert måte i samfunnet. Korleis kan vi styrke arbeidet med formidling, praksisutvikling, forsking og utdanning? Og korleis kan vi samarbeide, på tvers?
Temaet "Musikk på tvers" kan altså tolkast på fleire måtar som peikar på aspekt av det klyngesamarbeidet handlar om, t.d.: På tvers av fag, på tvers av kompetansar, på tvers av praksisar og på tvers av sektorar.
Vi inviterer til kritikk, refleksjon, samtale og diskusjon.
Om Polyfon-konferansen
Polyfon-konferansen er ein årleg møteplass for inspirasjon, kunnskapsformidling, erfaringsdeling, dialog og diskusjon.
Konferansen blir arrangert i november kvart år og samlar både brukarar, praktikarar, forskarar og leiarar.
Her inviterer Polyfon til ein mest mogleg open og tverrfagleg dialog om korleis musikk kan vere ein helseressurs både i terapi, miljøbehandling og kvardag.
Konferansen inneheld plenumssesjonar, parallellsesjonar og ein posterutstilling. Musikkinnslag høyrer sjølvsagt også med!