Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
Forskingsstøtte og sommarstipend

Polyfon-midlar: tildelingar og prosjektresultat

Her finn du ei oversikt over kva prosjekt som har fått støtte frå Polyfon sidan oppstarten i 2015, og kva som per i dag står som resultatet av dei ulike prosjekta. Oversikta vil bli kontinuerleg oppdatert, i takt med at prosjektleiarane informerer Polyfon om eventuelle nye resultat.

Penger i krukke
Som ein del av arbeidet med å knyte saman akademia, utøvarar og brukarar av musikkterapi, gjev kunnskapsklynga Polyfon støtte til nye forskingsprosjekt og forskingsinitiativ.
Foto/ill.:
Micheile på unsplash.com

Hovedinnhold

    I denne oversikta finn de referansar og lenker til artiklar, rapportar, musikk og filmar som står som resultat i Polyfon-støtta forskingsprosjekt, inkludert sommarstipend for musikkterapistudentar (støtte til formidling og arrangement er ikkje med på lista).

    Under kvar hovudkategori er prosjekta sorterte alfabetisk etter etternamn til den som var prosjektleiar på rapporteringstidspunktet. For prosjektleiarar som har hatt fleire prosjekt, står nyaste prosjekt øvst.

    Dei fleste prosjekta har i tillegg blitt presenterte på ulike konferansar, men dette er ikkje med i oversikta.