Ei oppsummering
Forsking på musikkterapi i eldreomsorga, særleg retta mot demensomsorga, viser at musikkterapi har positive helseeffektar. Dette omfattar mellom anna det å auke deltaking i kvardagen, redusere depresjon og angst og bidra til å skape gode augneblikk som gir energi, nyting og tillit. Det kan også ha ei avslappande effekt, skape sosiale relasjonar, og ha verknad på ei rekke andre faktorar knytte til livskvalitet:
Musikkterapi reduserer
- Agitasjon
- Inntak medikament
- Depresjon
- Angst
- Åtferdsforstyrringar
Musikkterapi betrar
- Livskvalitet
- Sosiale relasjonar
- Humør, sinnsstemning
- Minne
- Merksemd
Det er sterkast evidens for musikkterapiens effektar når det gjeld symptom på depresjon. Det er ein del svakare evidens for effektane på åtferdsforstyrringar.
Langtidseffektar er usikre, noko som indikerer behov for meir forsking. Ein kan også argumentere for at musikk bør vere ein tilgjengeleg helseressurs over tid, ikkje berre ein kortvarig intervensjon som så vert trekt tilbake.
Dei dokumenterte effektane er i hovudsak korttidseffektar, då det førebels ikkje er etablert mange gode studiar som måler langtidsverknad.
Det er førebels få studiar som undersøkjer musikkterapi for heimebuande eldre.
Utvalde systematiske oversikter publiserte etter 2013
Dei siste åra har det vore ein rask auke i internasjonale effektstudiar og systematiske oversikter. Her følgjer ei liste over nokre oversikter publiserte etter 2013:
- Archie, P., Bruera, E. & Cohen, L. (2013). Music-based interventions in palliative cancer care: a review of quantitative studies and neurobiological literature. Support Care Cancer, 21(9), s. 2609–24.
- Bradt., J., Dileo, C., Magill, L. & Teague, A. (2016). Music interventions for improving psychological and physical outcomes in cancer patients. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 8. Art. No.: CD006911. doi: 10.1002/14651858.CD006911.pub3
- Elliott, M. & Gardner, P. (2018). The role of music in the lives of older adults with dementia ageing in place: A scoping review. Dementia, 17, s. 199–213.
- Fakhoury, N., Wilhelm, N., Sobota, K.F. & Kroustos, K.R. (2017). Impact of music therapy on dementia behaviors: A literature review. Consult. Pharm., 32, s. 623–628.
- Fusar-Poli, L., Bieleninik, L., Brondino, N., Chen, X.J. & Gold, C. (2017). The effect of music therapy on cognitive functions in patients with dementia: A systematic review and meta-analysis. Aging Ment. Health, s. 1–10.
- Ing-Randolph, A.R., Phillips, L.R. & Williams, A.B. (2015). Group music interventions for dementia-associated anxiety: A systematic review. Int. J. Nurs. Stud., 52, s. 1775–1784.
- Livingston, G., Kelly, L., Lewis-Holmes, E., Baio, G., Morris, S., Patel, N., . . . Cooper, C. (2014). A systematic review of the clinical effectiveness and cost-effectiveness of sensory, psychological and behavioural interventions for managing agitation in older adults with dementia. Health Technology Assessment, 18(39), 1-226. doi: 10.3310/hta18390
- McDermott, O., Crellin, N., Ridder, H. M. O. & Orrell, M. (2013). Music therapy in dementia: a narrative synthesissystematic review. International Journal of Geriatric Psychiatry, 28(8), 781-794. doi: 10.1002/gps.3895
- Pedersen, S.K.A., Andersen, P.N., Lugo, R.G., Andreassen, M. & Sütterlin, S. (2017). Effects of music on agitation in dementia: A Meta-Analysis. Front. Psychol., 8, s. 742.
- Tsoi, K.K.F., Chan, J.Y.C., Ng, Y.M., Lee, M.M.Y., Kwok, T.C.Y. & Wong, S.Y.S. (2018). Receptive music therapy is more effective than interactive music therapy to relieve behavioral and psychological symptoms of dementia: A systematic review and meta-analysis. J. Am. Med. Dir. Assoc. 19(7), s. 568-576.e3.
- van der Steen, J.T., van der Wouden, J.C., Methley, A.M., Smaling, H.J.A., Vink, A.C., Bruinsma, M.S. (2025). Music‐based therapeutic interventions for people with dementia. Cochrane Database of Systematic Reviews, 2025, Issue 3. Art. No.: CD003477. DOI: 10.1002/14651858.CD003477.pub5.
- Zhang, Y., Cai, J., An, L., Hui, F., Ren, T., Ma, H. & Zhao, Q. (2017). Does music therapy enhance behavioral and cognitive function in elderly dementia patients? A systematic review and meta-analysis. Ageing Res. Rev., 35, s. 1–11.
Merk: Ulike metaanalysar gjev noko ulike resultat, m.a. når det gjeld om musikkterapi har positiv effekt på agitasjon eller ikkje. Dette reflekterer m.a. at resultat kan verte usikre av di ikkje alle studiar er tydelege i sine definisjonar av intervensjonen (musikkterapi eller andre musikkbaserte intervensjonar). Nokre tekstar som drøftar denne utfordringa for forskingsfeltet er:
- Gold, C., Koelsch, S. & Stige, B. (2019). Musikkterapi. I: Husebø, B.S. & Flo, E. (red.). Eldreboken. Diagnoser og behandling (s. 281-291). Bergen: Fagbokforlaget.
- Vink, A. & Hanser, S. (2018). Music-based therapeutic interventions for people with dementia: A mini-review. Medicines, 5, 109, doi:10.3390/medicines5040109.
Utvalde effektstudiar frå nordisk kontekst
Dei fleste effektsstudiar er gjennomførte utanfor Norden, men der er nokre studiar som byggjer på praksis i skandinavisk samanheng:
- Elefant, C., Baker, F.A., Lotan, M., Lagesen, S.K. & Skeie, G.O. (2012). The effect of group music therapy on speech, and singing in individuals with Parkinson´s disease – a feasibility study. Journal of Music Therapy, 49(3), s. 278-302.
- Kvamme, T. S. (2013). Glimt av glede: Musikkterapi med demensrammede som har symptomer på depresjon og angst (Doktorgradsavhandling, Norges musikkhøgskole, Oslo).
- Ridder, H. M. O., Stige, B., Qvale, L. G. & Gold, C. (2013). Individual music therapy for agitation in dementia: an exploratory randomized controlled trial. Aging & Mental Health, 17(6), 667-678. doi: 10.1080/13607863.2013.790926