Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SPURVEUGLEPRISEN 2023

Pris til nyrevidert Prismestudium

Eit totalrenovert Prismestudium har fått Det humanistiske fakultet sin pris for utdanningskvalitet i 2023 – takka vere solid laginnsats med mange involverte.

to kvinner smiler til kamera
Mona Vervik Uthaug (til venstre) har vore aministrativ prosjektleiar for det nye Prismestudiet, medan Ann-Kristin Helland Gujord er fagleg ansvarleg.
Photo:
Ingrid Endal

Main content

Prismestudiet er ein klassikar ved UiB, og har sidan 90-talet vore eit populært etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar som underviser i norsk som andrespråk.

Studiet fekk UiB sin pris for studiekvalitet i 2012, og no vankar det ein ny pris til folka bak Prisme, for arbeidet med å løfte studiet til nye kvalitetshøgder.  

– Tidene endrar seg, og vi må endre oss med dei. No har vi gjort ei totalomlegging av studieopplegget, og har arbeidd saman med både forskarar, lærarar og andre i praksisfeltet for å utvikle innhaldet i kurset, seier fagleg ansvarleg og professor i norsk som andrespråk, Ann-Kristin Helland Gujord.

Fleksibelt og tilgjengeleg studieopplegg

– Dei som tek studiet er gjerne folk som skal studere ved sidan av jobb, og det har vore viktig for oss å lage eit tilbod som er tilpassa målgruppa sine premiss, seier Gujord.

Studiet er meir fleksibelt enn tidlegare. Det er ikkje lenger obligatorisk å møte éin gong i veka til fast tid i eit nettkollokvium. Alt undervisningsmateriell er tilgjengeleg heile tida, studentane kan organisere sin eigen kvardag – dei kan studere når dei vil og kor dei vil.

– Vi har omarbeidd og oppdatert studiet med tanke på ein digital kvardag, og det nettbaserte opplegget har fått ein heilt ny form. Lærarar er travle folk, og vi har laga ein pedagogisk og lett tilgjengeleg struktur som gjer at studentane heile tida skjønar kva dei skal gjere, fortel administrativ prosjektleiar, Mona Vervik Uthaug.

Det nye Prisme består av modular inndelt i ulike tema, som byggjer på kvarandre. Alt foregår på den digitale læringsplattformen Canvas, der studentane finn undervisingsvideoar, podkastar, ulike typer oppgåver, og lenker til pensumlitteratur. 

Sjølv om Prisme er eit heildigitalt kurs og studentane aldri møter på campus, er kontakten tett mellom student og faglærar.

– Fagansvarleg gir ein introduksjon til alle modulane, og via korte videosnuttar vert studentane losa gjennom heile kurset. Elles har vi fire digitale fagmøte per semester der vi går gjennom ulike tema og studentane kan få svar på spørsmål dei måtte ha. Vi ønskjer også at studentane skal samarbeide, og legg til rette for at dei etablerer arbeidsgrupper. 

Stor laginnsats ligg bak

I følgje Uthaug har dei allereie har fått mange gode tilbakemeldingar på det nydesigna kurset, studentane likar at det er så fleksibelt og variert.

– Det har vore ein stor jobb, og ikkje minst eit stort lagprosjekt. Omleggingsarbeidet har vore eit samarbeid mellom fleire aktørar, som alle har vore viktige. Særleg viktig har det vore at administrativ og fagleg side har jobba tett saman, seier Gujord. 

– Vi har samarbeida med forskarar og lærarar både ved UIB og andre institusjonar. Tilsette på Norskkursa og Revisjonsprosjektet har også laga innhald, og EVU-administrasjonen på instituttet, har gjort ein kjempejobb. Ikkje minst har dei digitale læringsmidla blitt utvikla på UiB læringslab i samarbeid med UiB Videre. 

Gujord er nøgd med at opplegget er godt forankra i det viktige praksisfeltet. Studiet har fått ein tydeleg praksisrelevans, samstundes som relevansen av forskningsbasert arbeid er framheva. 

– Det har blitt ein god kombinasjon mellom forsking og praksis, sydd saman til ein heilskap.

Eit viktig samfunnsoppdrag

Innvandrarar som kjem til Noreg møter strenge krav om at dei skal lære seg norsk, kome seg raskt ut i arbeid, og bli ein del av samfunnet. Det stiller også strenge krav til lærarane som skal undervise dei i norsk. 

– Den nye integreringslova seier at lærarar som underviser vaksne innvandrarar i norsk skal ha minimum 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. Då er det viktig at vi som fagmiljø stiller opp, og at også vi forbetrar kvaliteten på vårt undervisningsopplegg, seier Gujord. 

Med dei nye krava er det er stadig fleire lærarar som treng formell kompetanse i norsk som andrespråk, og det har vore stor pågang av søkarar til studiet. Med det nye studieopplegget håpar dei å gjere det enklare for studentane å gjennomføre kurset.

– Slik kan vi som universitetstilsette vere med å løyse ein av dei verkeleg store samfunnsutfordringane, å sørge for ei god norskopplæring som kan få folk som kjem til landet, inn i utdanning og arbeid.