Home
Climate and energy transition

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Inga vellukka energiomstilling utan akademia!

Energiomstilling - alt heng saman med alt

Energirike-konferansen i Haugesund hadde i år rydda plass til fire akademikarar, blant anna UiB-rektor Margareth Hagen. Dei var med på å setja bodskapen om rask utbygging av meir fornybar straum inn i eit overordna samfunnsperspektiv. Kombinasjonen av interessegrupper, politikk og akademia gav konferansen ein god dynamikk.

Next
Arbeid på energilaboratoriet ved Kjemisk institutt
Forsking på energilaboratoriet ved Kjemisk institutt
Photo:
Jin Sigve Mæland, UiB
1/2
Supplybåt og Hywind Tampen vindturbiner i Sløvåg
Supplybåt og Hywind Tampen vindturbinar i Sløvåg
Photo:
Kristin Guldbrandsen Frøysa
2/2
Previous

Main content

Energiomstilling av samfunnet er eit godt døme på at alt heng saman med alt.

Det skjer ei rask teknologiutvikling, for eksempel innan havvind, batteri, grøn skipsfart og fossilfri landtransport. Teknologiutviklinga skjer i tett samspel med resten av samfunnet. Teknologien endrar samfunnet, og krav og rammer frå samfunnet er med på å driva teknologiutviklinga. Ei god energiomstilling krev ei god forståing for korleis fordeler og ulemper vert fordelt mellom ulike grupper i samfunnet, slik at juridisk og økonomisk rammeverk støttar opp under ei berekraftig energiomstilling.

Ei av universiteta si viktigaste oppgåver er å utdanna kandidatar med god fagkunnskap og med evne til å setja fagkunnskapen sin inn i eit større perspektiv.

Forskingsmiljøa ligg ofte i forkant av næringslivet. Slik må det vera, sidan kunnskapsoppbygging og utdanning tek tid. Ei viktig utfordring for næringsliv, forvaltinga og universiteta er korleis forskingsresultata kan takast i bruk raskare og korleis det kan verta kortare veg frå forsking til innovasjon. Bedrifter som raskt greier å ta i bruk ny kunnskap har eit solid konkurransefortrinn.

UiB har innført obligatorisk praksis på nokre av masterutdanningane for å stykja samhandlinga med næringslivet.  Masteroppgåver i bedrift, nærings-PhD og enkle forskingsprosjekt kan vera gode vegar til auka samarbeid og raskare bruk av ny kunnskap i næringslivet.

Les praksisbloggen frå energimasterstudentane og sjå breidda av organisasjonar og tema!