HF-stipendiatar med brennaktuell fagdag
Kva reglar og retningslinjer ligg føre ved Universitetet i Bergen, og generelt i samfunnet, når det kjem til saker om plagiat og fusk? Det var tema da stipendiatane ved HF arrangerte fagdag 3. oktober.
Main content
Med ny teknologi som ChatGPT og den ekspansive bruken av språkmodellar, både i undervisning, oppgåveskriving og på eksamen, samt ny UH-lov og ei rekkje debattar kring temaet i den offentlege samtalen, er det mange spørsmål om plagiat som ikkje har klare svar. Det var på dette grunnlaget at stipendiatane ved HF-fakultetet valde plagiat som tema for haustens fagdag 3. oktober.
Blant dei som heldt innlegg på fagdagen var statssekretær Ivar Prestbakmo i Kunnskapsdepartementet. Saman med representatar frå UiB og Dei nasjonale forskningsetiske komiteane (NESH) bidrog han til at plagiat vart belyst både frå politisk, juridisk, etisk og fagleg hald.
Publikum var i hovudsak stipendiatar og tilsette ved Det humanistiske fakultetet, men også representantar frå andre fakultet deltok. Gjennom arrangementet fekk dei større kunnskap om kva reglar og retningslinjer som gjeld når det kjem til saker om plagiat og fusk.
Vidar Enebakk, seniorrådgjevar ved NESH, meinte bestemt at programmet stipendiatane serverte denne dagen var det første av sitt slag i nasjonal målestokk. Han understreka at programmet var solid, og hadde eit heilskapleg fokus som varetok og belyste både faglege og tematiske problemstillingar knytt til plagiat.
Tilbakemeldingane etter ein heil dag med fuskeprat var svært gode. Med servering av lunsj og god tid til spørsmål var det eit vellukka arrangement.