Home
UNESCO Chair: Sustainable heritage and environmental management

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Mastergradsprosjekt

Korleis verdset me natur i møte med vindkraft?

Solveig Jespersen Haga er masterstudent innafor berekraft ved Senter for vitskapsteori, og samarbeider med ACTIONABLE-prosjektet i si mastergradsoppgåve som handlar om korleis ulike grupper verdset natur når det kjem til utbygging av vindkraft.

.
Photo:
Solveig Jespersen Haga

Main content

Dette seier Solveig om prosjektet sitt:

Det grøne skiftet krevjar ei omstilling i alle sektorar, inkludert energisektoren. Utfasing av fossilt brensel til fornybare energikjelder er høgt prioritert for å møte internasjonale og nasjonale klimamål. Det siste tiåret er det blitt gitt stadig fleire konsesjonar til utbygging av vindkraftverk i Noreg. Vind i seg sjølv er fornybart, men ein vindpark krevjar også store mengder areal til blant anna forbindelse vegar mellom turbinane. Samstundes som me er i ein situasjon der me er nøydt til å ta berekraftige og grøne val, er me også nøydt til å ta omsyn til naturen sin verdi og tolegrenser. Å bevare og restaurere natur er også ein nøkkel for å takle naturkrisa vi står i. Utbygging av fornybar energi og bevaring av natur er begge viktig ledd i berekraftig utvikling, men krevjar også vanskelege avvegingar når blant anna utbygging av vindpark spørsmålet dukkar opp.

I mi masteroppgåve skal eg undersøke korleis naturen vert vurdert hjå ulike grupper, når det kjem til spørsmålet om utbygging av vindkraftverk. Prosjektet er ein del av forskingsprosjektet ACTIONABLE. Eg har valt ein case i Modalen kommune, der eg ønsker å undersøke korleis ulike grupper vurderer naturen i forhold til kvarandre. Per i dag er det mykje debatt korleis kommunen vel ta stilling til Norsk Vind sitt forslag om ein vindpark med 97 vindmøller i Stølsheimen. Ynskje mitt er å komme i kontakt med personar som representera ulike perspektiv og posisjonar i denne saka, for å danne eit holistisk bilete av korleis naturen vert vurdert og verdsett.

Masteroppgåva mi går over eit år, noko som mogleggjer å følge utviklinga av energi og naturdebatt nasjonalt, samt lokalt i Modalen og omland. Eg ynskjer å intervju individ som representerer ulike posisjonar og synspunkt til saka. Datainnsamlinga vil hovudsakeleg skje i tidsrommet november til januar. Innlevering av oppgåva mi skjer 1.juni 2025.

Rettleiarar og kontakt

Solveig studerar ved Humanistisk fakultet, men gjer masteroppgåva si innafor ACTIONABLE-prosjektet, som er eit UNESCO Chair-prosjekt ved Institutt for biovitskap.

Rettleiarar:

Anne Blanchard
Forskar ved Senter for vitskapsteori ved UiB

Alícia Barraclough
Forskar ved UNESCO Chair-gruppa (Institutt for biovitskap)
Prosjektleiar for ACTIONABLE

Innspel eller interesse for prosjektet kan rettast til Solveig Jespersen Haga via e-post.