Home
Student Pages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Sørviserklæringa om studentmottak

Main content

Universitetets plikter og ansvar når det gjeld studentmottak*:

  • Eit planmessig mottak som set studenten i sentrum
  • Ei ramme kring arrangementa som hjelper deg å knyte nye kontaktar
  • Relevant informasjon frå universitet, fakultet og institutt om formalitetar, fag og studia
  • God tilgang til tenestene når du skal registrere deg, få studiekort og melde deg på emne og studium
  • I samarbeid med vidarekomne studentar ha eit tilbod om fadderordning for nye studentar

Universitetet tilrår at du som student:

  • Deltar i velkomstarrangementa til universitetet og studentane
  • Gjer aktiv bruk av dei organiserte informasjonstilboda og held deg oppdatert om kva som skjer i starten av kvart semester
  • Møter opp til første forelesing eller orienteringsmøte til emne du er oppmeld til for å sikre deg plass på emnet og for å få nødvendig informasjon
  • Følgjer råd du får frå universitetet sin stab og frå vidarekomne studentar
  • Gjer unna dei nødvendige formalitetane snarast mogleg ved semesterstart; som t.d. registrering, påmelding, og oppmelding til eksamen

* Studentmottak vert organisert kvar haust. Eit mottak for internasjonale studentar vert også tilbydd om våren.