Sørviserklæringa om studentmottak
Hovedinnhold
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld studentmottak*:
- Eit planmessig mottak som set studenten i sentrum
- Ei ramme kring arrangementa som hjelper deg å knyte nye kontaktar
- Relevant informasjon frå universitet, fakultet og institutt om formalitetar, fag og studia
- God tilgang til tenestene når du skal registrere deg, få studiekort og melde deg på emne og studium
- I samarbeid med vidarekomne studentar ha eit tilbod om fadderordning for nye studentar
Universitetet tilrår at du som student:
- Deltar i velkomstarrangementa til universitetet og studentane
- Gjer aktiv bruk av dei organiserte informasjonstilboda og held deg oppdatert om kva som skjer i starten av kvart semester
- Møter opp til første forelesing eller orienteringsmøte til emne du er oppmeld til for å sikre deg plass på emnet og for å få nødvendig informasjon
- Følgjer råd du får frå universitetet sin stab og frå vidarekomne studentar
- Gjer unna dei nødvendige formalitetane snarast mogleg ved semesterstart; som t.d. registrering, påmelding, og oppmelding til eksamen
* Studentmottak vert organisert kvar haust. Eit mottak for internasjonale studentar vert også tilbydd om våren.
06.08.2018